Hopp til innhold

Kjempestemning på Tahiti-festival

For 11 år på rad har Kristiansund vorte snudd på hovudet. Den fem dagar lange Tahiti-festivalen vart avslutta i dag.

Thaiti-ambassadør, Frode Alnes, er svært fornøgd med arrangementet.

- Det er fantastisk å oppleve noko slikt år på år. Her har vore vanvittig med folk!

Publikumsrekord

Tahiti-festivalen er ein festival for alle, med ulike typar konsertar. Alnes trur at rundt 20 000 menneske har vore innom festivalen frå onsdag til søndag.

- Det er fantastisk! Folk kjem no år etter år, og dette vert ein møteplass. Vi har alt frå Tahiti-konferansen med seriøse tema til barnefestival, allsang for eldre og rockekonsertar, så spennet er stort. Og sjølv om vi for første gong på mange år har hatt litt gråver nokre dagar, så har det vore kjempestemning.

Alnes trur at omgjevnadane i gamlebyen i Kristiansund, der arrangementet finn stad, set stemninga og gjer at folk trivst.

- Eg skryt noko voldsomt no, men dette arrangementet har etter kvart vorte veldig bra. Det er ein fantastisk gjeng som organiserer dette, og sørgjer for sikkerheit kring arrangementet. Og omgjevnadane i den gamle bydelen gjer at dette har vorte ein suksess. Folk har skjønt kvifor vi starta dette. Det var for å få liv i gamlebyen i Kristiansund, og det har vi fått til.

- Kva har dette arrangementet å seie for Kristiansund?

- Eg håper det har mykje å seie. Vi har blitt ein av dei største festivalane i fylket på veldig kort tid. Kva hadde byar og stadar i Møre og Romsdal vore utan liv og røre? Det hadde vore kjedeleg.

- Det var heilt magisk

Den fem dagar lange Tahiti-festivalen vart avslutta i dag, med den tradisjonelle barnefesten. Eigentleg skulle den nordiske Melodi Grand Prix –junior vinnaren, Ulrik Munther, kome, men han meldte avbud på fredag på grunn av sjukdom.

- Då Ulrik meldte avbud måtte hive oss rundt og finne på eit nytt show i løpet av eit par timar. Det vart ein spontan improvisert konsert med lokale artistar. Blant anna spela Torstein frå Surnadal, ein 8 år gamal gitarist, saman med Dance with a Stranger. Det vart heilt magisk.

Ifølgje Alnes var barnefestivalen høgdepunktet på heile festivalen.

- Vi måtte ta det på sparket, og så vart det betre enn nokon gong. Det er slikt vi elskar. Tusenvis av barn og vaksne kom for å sjå på.

Neste år skal festivalen arrangerast for 12 gong, og planlegginga er allereie i gang.

- Alle er motiverte og vi skal finne ut litt nye ting som held oss skjerpa. Vi vil bruke nye lokale og ha endå meir innhald. Vi har blant anna lyst til å lage ein midnattskonsert.