Hopp til innhold

Juvel under jazzpalass i Rosenes by

Ein stein så fin at mange alt ser på den som eit kunstverk. Midt i tomta for det nye jazz-huset i Molde er det grave fram ein kjempestor juvel som skal bli til glede for mange i framtida.

Egil Bjordli ved steinen han fann

Egil Bjordli ved steinen han fann

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Egil Bjorli ved steinen

Steinen var så stor at Egil Bjorli førs trudden den måtte sprengast vekk.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Midt i tomta til det som skal bli det nye Jazz- og kulturhuset i Molde er det grave fram ein nydelig fin stein som er to meter høg og fire meter lang.

Den omlag 12 tonn store steinen blei funnen under graving av tomta sist veke.

Maskinførar Egil Bjorli merka straks at han kom borti noko særdeles stort og tungt då steinen etterkvart kom fram.

- Det var umogleg å rikke på steinen og det var berre så vidt vi greidde å grave den fram. Vi trudden den måtte sprengast der den låg, men såg etterkvart at vi kunne avdekke den med maskina.

Steinen har lagt bar på Gørvellplassen over helga. I byrjinga av denne veka kom det så telefon frå kommunen om at steinen berre måtte ligge.

Krøll på Gørvellplassen

Slik kan jazz- og teaterhuset bli

Geir Amdam ved kjempesteinen

Kommunalsjef Geir Amdam lovar at steinen skal bli til glede for mange

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Kommunalsjef i Molde, Geir Amdam, seier at steinen er ein rullestein som har blit ført hit av isen for mange tusen år sidan.

Passar godt inn

- Vi såg straks at dette var eit element som vi måtte ta vare på. Der er ein så flott symbolikk i forma at den passar godt inn på plassen.

Amdan seier at plassen ved det nye kulturhuset skal vere prega av ro, og at det skal vere ein stad der folk kan trekke seg tilbake, og ein plass for born.

- Vi har også vurdere å plassere steinen inne i det nye huset, men har fått åtvaringar frå byggherren om at den er for stor der.

- Om ikkje vi finn plass til steinen på Gørvellplassen skal vi finne ei anna fin plassering, seier Amdam.

Inntil vidar må steinen løftast ut av byggeomta av ei stor kran og fraktast bort til ein førebels lagringsplass, truleg i Årø-dalen.

- Vi skal i alle fall ta vare på den og dulle og stelle med den - så vi skal gi oss litt god tid å finne den rette plassen, seier kommualsjefen.

Jazz og teaterhuset skal vere ferdig ferdig i april 2012.

3 milliarder satses i Molde