På Nordmøre stadion har dei jobba på spreng for å få bana klar til eliteseriekampen mot Haugesund søndag.
Det er no tre månader sidan Kristiansund ballklubb spelte kamp på eiga heimebane.
Da dei i juni skulle skifte banedekke herja vinden på Nordmøre. Det førte blant anna til at varmekablane som var lagde blei øydelagt.
Slik såg det ut etter at vinden hadde herja på Nordmøre stadion tidleg i sommar.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKJobben med å legge nytt dekke blei derfor både større og dyrare enn det som var planlagt.
– Du besøker nokre kjellarar du ikkje har vore i på ei stund. Vi har vore uheldige, for det som skulle bli ein liten pause på tre veker i sommar, har no blitt til tre månader, seier Kjetil Thorsen som er dagleg leiar i klubben.
– Vil heim
Men etter å ha trena på andre baner i Kristiansund og spelt heimekampane på Aker stadion i Molde, kunne KBK endeleg ta i bruk si eiga heimebane på fredag under treninga.
– Det er stort. Vi er takksame for dei som har hjelpt oss med baner, men no vil vi heim. Vi vil spele og trene her, sa KBK-trenar Amund Skiri.
Søndag skal dei teste det nye dekket under kamp, for no kjem Haugesund på besøk.
Skiri har store forventningar til kampen.
– Vi må mobilisere litt ekstra til denne kampen når det gjeld innsats, så skal vi få fram spelkvalitetane våre, sa han.
KBK-trenar Amund Skiri.
Foto: Tobias Folland Tennøy / NRKGler seg til kamp
KBK-supporter Arve Stene er ein av dei som ser fram til å komme tilbake på kamp på Nordmøre stadion.
– Det blir fantastisk å komme tilbake. Eg trur det blir elektrisk stemning, for no er det så mange som gler seg til å komme.
Han er imponert over jobben som er lagd ned på stadion den siste tida.
– Det er fantastisk å sjå kva jobb som har blitt gjort her dei siste vekene, seier han.
Supporter Arve Stene gler seg til å komme tilbake på kamp på Nordmøre stadion.
Foto: Mari Aandahl Kippernes / NRKOrdførar i Kristiansund, Kjell Neergaard (Ap), hadde også tatt turen for å få med seg KBK si første trening på nytt dekke fredag.
– Det er så godt å sjå at alt er på plass igjen. Det har vore ein tøff sommar, men endeleg skal vi spele her igjen, sa han.
Lover ei betre framsyning
KBK-spelarane gler seg òg. Forsvarsspelar Mikkel Rakneberg lovar også at publikum skal få ei betre framsyning enn det dei fekk sist helg.
Da gjekk dei på eit 1-0-tap borte mot Sandefjord.
– Det skal bli noko anna enn det dei fekk sjå da. Med energien vi får frå publikum, skal vi skal trykke til meir enn det vi gjorde sist, sa han.
Fredag hadde KBK den første treninga på nytt dekke.
Foto: Tobias Folland Tennøy / NRK