Hopp til innhold

Store skadar på stadion i Kristiansund

Nordmøre stadion har fått store skadar på grunn av dei kraftige vindkasta som har herja i fylket. Varmekablane er øydelagde. Dei har floka seg saman på stadion. Det skriv Tidens Krav.

Truls Skar Helland, driftsleiar for KBK, tør ikkje å sei noko om når Nordmøre stadion kan takast i bruk igjen.
– Det er ubeskriveleg trist. Eg veit ikkje kva eg skal sei.

Skader på stadion i Kristiansund
Foto: Marius André Jenssen Stenberg