Hopp til innhold

Hyttenaboar installerer overvakingskamera etter fire brannar

Fleire kraftige brannar i det same hytteområdet har gjort naboane nervøse. No installerer dei kameraovervaking.

Politiet ser på brann tomten etter hyttebrannen.

Krimteknikarar frå politiet undersøker den nyaste branntomta. Hyttenaboar installerer overvakingsutstyr på sine hytter.

Hege Fiskerstrand og mannen har lenge hatt planar om å sette opp kameraovervaking ved den nye hytta si på fjellet. No tør dei ikkje vente lenger.

– Eg er frykteleg trist og deppa, eg tenkte ikkje det skulle bli slik, det hadde eg aldri tenkt, seier Hege Fiskerstrand.

Onsdag var ekteparet oppe på Sulafjellet og fekk ordna overvakingskamera. Tidlegare har ho ikkje ønskt det, men då den fjerde hytta i området brende natt til tysdag, ombestemte ho seg.

Hyttefeltet på Sulafjellet ligg berre ein halv times gåtur frå foten av fjellet. Mange av dei som har bygd her, bur nede i bygda og kan sjå opp på hyttene sine.

Hege Sonja Tusvik Fiskerstrand er hyttenabo på Sulafjellet.

Hege Fiskerstrand og mannen har no installert overvakingskamera på hytta si på fjellet.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Fire brannar på to år

Det har vore oppsiktsvekkjande mange brannar på Sulafjellet. Det finst rundt 35 hytter i dette området på nordsida av fjellet utanfor Ålesund. Dei siste to åra har fire hytter eller anneks brent.

Johnny Nybø og familien er i ferd med å sette opp ei hytte berre 50 meter unna den siste brannen. Natt til tysdag blei han vekt av kona som såg flammane på fjellet.

Johnny Nybø

Johnny Nybø sprang opp på fjellet då kona oppdaga brannen. Han er redd for at hytta deira også kan brenne.

Foto: Josef Benoni Tveit / NRK

No har også dei bestemt seg for å sette opp overvakingskamera. Nybø trur hyttene er påtent og at det kan bli fleire.

– Ja, utvilsamt, så lenge dei ikkje får tak i den personen. Det er skremmande og veldig frustrerande, seier han.

Politiet har satt opp et vilt kamera over brann tomten på Sula fjellet. Krimteknikkere fra politiet besøkte onsdag brann tomten hvor det var en hytte brann på Sula fjellet tirsdag. Det siste året har det vært fire hytte branner i samme område. Politiet ser nå en sammenheng mellom brannene å etterforsker.

Også politiet videoovervakar midlertidig området rundt den siste hyttebrannen denne veka.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Politiet etterforskar

Politiet gjekk tidlegare denne veka ut og sa at dei var styrke i trua på at den siste brannen er påsett og at det kan vere ein samanheng mellom dei fire brannane. No har dei fått hjelp frå Kripos i etterforskinga, og etterlyser tips om folk som har vore på tur i området på nattetid.

Politiadvokat Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik, aktor, i rettssaken etter dødsulykka i Blindheimstunnelen i Ålesund i juni 2022.

Politiadvokat Magne Kvalvik synest det er ein god ide å sette opp kameraovervaking på Sulafjellet

Foto: Remi Sagen / NRK

Politiet har så langt ikkje svar på kven som står bak. Politiadvokat Magne Kvalvik i Møre og Romsdal politidistrikt skjønar godt at hyttenaboane no set opp kameraovervaking

– Ja, det synest eg er ein god ide. Då får ein auge og bilde på det som skjer der oppe, det synest eg absolutt er bra, seier han.

Han seier samtidig at det ikkje finst noko haldepunkt for å seie at det skal bli fleire hyttebrannar på Sulafjellet no.

Krimteknikkere fra politiet besøkte onsdag brann tomten hvor det var en hytte brann på Sula fjellet tirsdag. Det siste året har det vært fire hytte branner i samme område. Politiet ser nå en sammenheng mellom brannene å etterforsker.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Tør ikkje overnatte åleine no

Hege Fiskerstrand seier ho har overnatta fleire gonger åleine på den nye hytta deira på Sulafjellet. No tør ho ikkje det. Ho synest det er trist og leitt.

– Eg trur eg må ha meg ein pause til våren, i alle fall, før eg ligg der åleine, seier ho.

Hyttenabo Johnny Nybø synest det som har skjedd er trist.

– Det er heilt forferdeleg trist, det skulle ikkje vere nødvendig på Sulafjellet, seier han.

Hege Sonja Tusvik Fiskerstrand ser opp mot hytta si på Sulafjellet, peikar opp

Hege Fiskerstrand ser opp mot hytta si på Sulafjellet. Ho er uroleg over at fire hytter har brent.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK