Nysteikte rundstykke høyrer med når sommardagen startar i Ramstaddalen på Sunnmøre. Straumen som må til, er ikkje lenger levert av det lokale selskapet Tafjord kraft. I alle år var ho trufast kunde. For første gong har ho snudd dei ryggen og bytta selskap.
– Eg vil ikkje støtte kraftselskap som er involvert i vindkraft, som raserer naturen og drep fuglar, seier Bjørnevik.
Firebarnsmora blei engasjert i vindkraftsaka i vår. Inntil då hadde ho ikkje reflektert vidare over saka. Engasjementet til ei venninne, smitta.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKStraumselskapet hennar har hamna på ei verstingliste, utarbeidd av vindkraftmotstandarar. Då tannpleiaren oppdaga det, fann ho ein måte å vise sin protest på.
Hundrevis har skifta
Og ho er ikkje den einaste. Fleire hundre vindkraftmotstandarar over heile landet har deltatt i den stille aksjonen den siste tida.
Vindkraftmotstandar Irene Njå-Gjellestad frå Rogaland hadde ideen til ei liste som rangerer kraftselskapa over heile landet. Her kan folk enkelt sjekke om deira lokale kraftselskap er involvert i vindkraft. Lista er delt inn i A-, B-, C- og D-lag. A er best og har ifølgje Njå-Gjellestad ikkje noko med vindkraft å gjere. Kategori D er selskap som skal vere involvert i vindkraftindustrien.
– Dette handlar om forbrukarmakt. Etter vår meining øydelegg vindindustrien store areal og natur i Noreg, seier Njå-Gjellestad. Dei ser på kraftselskapa sine aksjar, eigarskap, og om om selskapa er direkte eller indirekte involvert i vindkraftutbygging.
Irene Njå-Gjellestad tok initiativet til å utarbeide ei liste over straumselskap. Ho og mannen Ådne Njå er svært engasjerte mot vindkraft.
Foto: privat–Urettferdig
Tafjord Kraft, som har base i Ålesund, har hamna i verstingkategorien og oppgir at dei den siste tida mista om lag 100 straumkundar. Det er ein kundeflukt som sjølv eit selskap med 40.000 kundar registrerer. Dei likar ikkje denne rangeringa.
– Det opplevast ikkje rettferdig sidan vi ikkje har planar om vindkraftutbygging, seier John Halsa i Tafjord. Straumselskapet eig 15 prosent av aksjane i havvindprosjektet Havsul.
Halsa forstår at straumbytet er ein måte å vise motstand på, men han meiner det rammar fleire bedrifter som ikkje driv med vindkraft.
– Det er litt urettferdig, seier Halsa.
Forstår tankegangen
Professor Asgeir Tomasgard ved NTNU forstår tankegangen til vindkraftmotstandarane.
Foto: Lars Bang/NTNUProfessor Asgeir Tomasgard ved NTNU har fått med seg rangeringa av straumselskapa. Dersom folk trur at dei får reinare straum ved å byte frå eit selskap til eit anna, tar dei feil, meiner han.
– Eg skjøner korleis folk tenker når dei ikkje vil kjøpe straum frå vindkraftprodusentar, men det er ikkje slik marknaden fungerer, seier Tomasgard.
Sjølv om du byter straumleverandør, kan straumen du får i stikkontakten vere produsert av vindkraft. Eller kolkraft og atomkraft. Grunnen er at all straum som blir produsert blir selt inn til ein felles marknadsplass i Europa.
Professoren meiner likevel at det gir signaleffekt når mange kundar skifter straumleverandør.
Kundane strøymer til
Stranda Energi på Sunnmøre er eitt av fem straumselskap som er på A-lista, og som dermed ikkje er involvert i vindkraft. Dei har fått vel 200 nye kundar på kort tid. Ola Raknes er dagleg leiar i selskapet og han seier dette er heilt uvanleg.
– Det er svært hyggeleg at folk viser så stort engasjement mot vindkraftutbygginga, seier Raknes. Det var avisa Sunnmøringen som først omtala dette.
Ola Raknes er dagleg leiar i Stranda energi. Han seier dei aldri før har opplevd å få så mange nye kundar på så kort tid.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKOgså Ustekveikja energi, som har base på Geilo, har merka pågangen etter å ha blitt «godkjende» av vindkraftmotstandarane. Men dei opplever rangeringa som eit dilemma.
– Vi vil ikkje bruke dette for å verve nye kundar. Det er ureieleg. Det er vanskeleg å seie kvar straumen faktisk kjem frå, seier administrerande direktør Jan Olav Helle Trillhus.
Håper straumselskapa tenker seg om
På Sunnmøre håper Marte-Lise Bjørnevik at hennar straumbyte skal få det gamle kraftselskapet hennar til å tenkje. For henne er det ikkje aktuelt å møte opp på demonstrasjonar mot vindkraft, men å byte straumselskap er ein måte å markere synet sitt. Firebarnsmora forstår at straumen ho no får med den nye leverandøren er den same som den gamle. Ho trur likevel handlinga har effekt.
– Då støttar eg i alle fall ikkje selskapet som driv med vindkraft. Eg håper dei tenker seg om, seier Bjørnevik.