- Vi vil tilby ein stad å vere, for å gjere noko enkelt og kvardagsleg saman, fortel styreleiar i Møre og Romsdal Røde Kors Bitten Linge.
- Det viktigaste vi kan gjere er å lytte
Styret har oppmoda alle lokallagsforeiningar til å ta imot besøk av folk som vil snakke ut om terrorhandlingane i Oslo og på Utøya.
- Vi har kontakta alle lokallagsforeiningane i Møre og Romsdal, og fått tilbakemelding frå mange om at dei er budd på å opne dørene for folk.
Mange menneske hadde laurdag teke turen til Oslo Domkirke for å tenne eit lys eller legge ned blomster.
Foto: Morten Holm / ScanpixPolitiet heldt fram arbeidet etter massakren på Utøya også laurdag kveld
Foto: Teigen, Trond Reidar / SCANPIXDen sikta heldt på med skytinga i 1 time før politiet pågreip han.
Foto: Marius Arnesen / NRKPeter Linge Hessen frå Ålesund klarte å kome seg ut i vatnet etter at han hadde gøymd seg i skogen i over ein time.
Foto: PrivatOrdføraren i Ørsta, Gudny Fagerhol (Ap), har med stor sorg tatt imot bodskapen om at eit av medlemmene i Ørsta AUF er sakna.
Foto: Frode Berg / NRKOrdførar, Ronny Blomvik, i Sula seier kommunens kriseleiing er klare for å ta vare på folk.
Foto: Trond Vestre / NRKhar Røde Kors opne hus. Linge seier det viktigaste dei kan gjere er å lytte.
- Folk kan fortelje oppatt og oppatt om vanskelege ting. Det er terapi for dei.
Ta kontakt med Møre og Romsdal Røde Kors:
70 160804 / 70160808
Styreleiar Bitten Linge: 986 77 584
Dagleg leiar Tore Nedregård: 948 73 471
Samtlege av Røde Kors sine lokalforeiningar har vore i kontakt med kommunane og tilbydd dei hjelp i omsorgsarbeidet det vil vere behov for framover.
Opne kyrkjer
Også mange kyrkjer i fylket opner dørene for dei som har behov for å snakke eller berre vere saman med andre i sorga.
Kristiansund kommune opnar for at folk kan kontakte krisegruppa ved å ringe til legevakta.
Nummeret er: 71121360
Domprost Harald Sunde er leiar av Molde kommune si omsorgsgruppe, som er tilgjengelig for pårørande eller andre som bur eller oppheld seg i Molde. Domprosten formidlar kontakt med aktuelle ressurspersonar i omsorgsgruppa.
Harald Sunde: 452 65 257
Kriseteamet i Ålesund kommune er tilgjengelege for dei som har behov for støtte.
Nummeret er: 99382655
Sakna frå Ørsta og Sula
Eit medlem av Ørsta Arbeidarparti er
Nummeret er: 994 14 841
Ein mann i midten av 20-åra frå Sula er også sakna. Personar i Sula som har behov for hjelp i samband med ugjerningane, kan kontakte kommunen si omsorgsgruppe.
Kvardagar: 08.00 - 15.30: 70199100
Kveld: 15.30 - 22.00: 95830710
Politiet sitt pårørandenummer er:
815 02 800