Hopp til innhold

Heimbygda heiar på Sylvi

Folk på Ørskog heiar på Sylvi Listhaug som onsdag ettermiddag blei landbruksminister. Men nabokjerringa har inga tru på Frp.

I dag var det klart at Odelsjenta Sylvi Listhaug fra Ørskog er vår nye landbruksminister. Ho blir den einaste statsråden frå Møre og Romsdal. Familien hennar meiner oppveksten på gard har gitt henne god bakgrunn til denne rolla.

Sylvi Listhaug får støtte heimafrå

Den nye landbruksministeren får støtte frå fleire av sambygdingane sine i Ørskog. Nabokjerringa har stor tru på den nye statsråden, men null tiltru til Framstegspartiet.

Eli Sjåstad

Nabokjerringa Eli Sjåstad er positiv til Sylvi Listhaug, men skeptisk til Frp.

Foto: Frode Berg

– Eg trur ikkje dei kan utrette så veldig mykje positivt, seier bonde Eli Sjåstad.

På slottsplassen i raud bluse

Men samstundes var det god stemning hos mange av dei som følgde med på direktesendinga då Erna Solberg presenterte den nye regjeringa si. Heilt bakerst, med raud bluse, kom til slutt ei smilande Sylvi Listhaug spaserande ut på slottsplassen.

– Kongen er vel så glad at han ikkje vil sleppe dei ut, kommenterer Frp-veteran Øystein Eide tørt.

– Dette er høgdepunktet, etter mange, mange, mange års kamp

Fin dag i Ørskog

Terje Olsvik

Terje Olsvik meiner landbrukspolitikken til Frp ikkje er så ille.

Foto: Frode Berg

Frp-ordførar Thorbjørn Fylling i Ørskog er ein av dei som syns det blei ein fin dag.

– Dette var fint, og dette var spennande, og dette gler vi oss til framhaldet på, seier Fylling. Og får støtter frå leiaren i eldrerådet i Ørskog.

– Det at ho Sylvi ... Listhaug ... kom med som landbruksminister, må no vere kjempebra for å få litt utvikling i distrikta og landbruket.

– Men nokon trur ho vil leggje ned alt, vil ho ikkje det, altså?

– Nei, det er eit skremmebilde som dei har brukt, seier leiaren i eldrerådet i Ørskog, Terje Olsvik.

Delt støtte frå nabokjerringa

Nabokjerringa Eli Sjåstad har berre godt å seie om odelsjenta som no har blitt landbruksminister.

– Sånn eg kjenner henne er ho ei veldig dyktig dame, så eg trur nok ho kan gjere ein god jobb, seier Eli Sjåstad. Men politikken til Frp har ho liten sans for.

– Eg trur ikkje dei kan utrette så veldig mykje positivt, seier ho.

Frå bygda

Egil Vestre

Egil Vestre trur Sylvi Listhaug vil klare seg bra som landbruksminister.

Foto: Frode Berg

Også Egil Vestre har sansen for bygdejenta Sylvi Listhaug.

– Eg trur ho vil gjere ein god jobb, ho har då trass alt bakgrunn frå bygdesamfunnet her, seier Listhaug.

– Men korleis skal det gå med ein frp-ar som landbruksminister, då?

– Eg er litt spent på det, då, men det skal vel gå bra, tenkjer eg, seier Vestre.