Hopp til innhold

Gå i kloster i påska

Nonnene i prestegarden i Norddal bur seg til ei intens påskeveke. Dei driv landets første ortodokse nonnekloster og tar gjerne imot besøk.

Nonnekloster i Norddal

Fire gongar om dagen er det bønestunder og gudsteneste i klosteret. I påskeverka er det heilt spesielle seremoniar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

For eitt år sidan flytta ein prest og tre nonner inn i den tomme prestegarden i Norddal på Sunnmøre. Klosteret er grunnlagt av patriarken av Georigia og er det første nonneklosteret i landet. Abbedisse Thavoria kjem opphaveleg frå Sunnmøre, men har budd i kloster i Hellas over 20 år. No bur nonnene seg til påskeveka, som startar ei veke etter den norske kalenderen. Det betyr at klosteret feirar palmesøndag når andre har 1. påskedag.

Som eit teater

– Påskeveka er svært intens. Det kan likne på eit spel eller teater der korsfestinga og gravlegginga vert gjennopplevd gjennom sangar og tekstar, seier abbedisse Thavoria.

Dette er aller første påske som vert feira i klosteret i Norddal, så alt nonnene skal bruke i seremoniane, må dei lage. Blant anna skal dei snikre kors.

Liturgien og bønnestundene er opne for alle som vil kome, slik som ei gudsteneste i kyrkja. Abbedisse Thavoria har oppdaga at folk i nærområdet kjem helst dersom dei vert inviterte.

– Det er ikkje så vanleg for folk å berre komme innom og dei veit ikkje heilt korleis dei skal gjere det, seier Thavoria.

Må få med seg påskeveka

Klosteret har blitt kontakta av fleire ortodokse kristne frå utlandet som vil få med seg feiringa på prestegarden. Ho samanliknar det med nordmenn som strøymer til kyrkja på julaftan.

– Når dei bur i Noreg og er borte frå kyrkjene sine, vil dei ha med seg påskefeiringa. Sjølv om dei ikkje går i kyrkja resten av året, plar dei gå i påskeveka, seier Thavoria.

Les heile programmet her: Programmet over heilage gudstenester i Den heilage veka og påska

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL