Politikarane og flykrisa får skulda når fleire aktørar i turistnæringa i Geiranger no varslar turisttørke.
- Festtalar
Hotelldirektør Sindre Mjelva.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK- Det har vore svært mange festtalar etter at vi fekk Unesco sin verdsarvtittel, seier hotelldirektør Sindre Mjelva. Han meiner tittelen burde fått fart i rassikringsarbeidet på E 63 og planane om heilårs ferjedrift frå Hellesylt.
Les også:
Vinterstengd bygd
- Vi har fått ei usikkerheit blant turoperatørane våre på om regionen vår er tilgjengeleg, seier Mjelva.
I dag er ikkje Geiranger open for omverda året rundt. E39 mellom Eidsdal og ned Ørnesvingane er rasutsett og vinterstengd. Ferja mellom Hellesylt og turistbygda er berre i drift på sommarstid. Flyproblema den siste tida har gjort situasjonen ekstra ille, og dei første avbestillingane er allereie komne.
Halv million turistar
Katrin Blomvik, direktør for stiftinga Geirangerfjord verdsarv.
Foto: Torild Øvrelid / NRKÅrleg er 500 000 menneske innom Geiranger. Næringa fryktar at det kan bli færre turistar i åra framover. Og dei ber politikarane om å ta affære.
- Kanskje skal ein ikkje gløyme at vi ikkje berre er eit bygdesamfunn. På sommarstid er dette eit bysamfunn, nesten, målt i talet på besøkande. Vi syns det er svært viktig at politikarane tek tak i saka for oss, seier Katrin Blomvik, direktør for stiftinga Geirangerfjord verdsarv.