Fryktar for korallrev utanfor Mørekysten

Korallreva ved Mørekysten står i fare for bli utrydda. – Vi veit ikkje kor alvorlege konsekvensane kan bli, seier havforskar.

Forskingsskipet Johan Hjort har saumfart havbotnen ved Storneset på Eggakanten utanfor Kristiansund. Sjå kva dei fann her!

I denne videoen kan du først sjå ei brosme og fisken som vert kalla "havmus". Sidan ser du eksempel på eitt øydelagt og eitt levande korallrev. Foto:MAREANO/Havforskingsinstituttet

– Havområdet Storneset har vore kjent som eit område med mykje øydelagt korall. Det vi har oppdaga er at det er mykje levande intakt korall igjen, men at desse står i fare for å forsvinne, seier seniorforskar Pål Buhl-Mortensen ved Havforskingsinstituttet i Bergen.

Korallrev, korallskogar, enger med blautkorallar og fjørstjerner er blant naturtypane ein kan finne på mellom 200 og 1000 meters djupne nær sokkelkanten – kjend som Eggakanten eller Storneset.

Artsrik havbotn
Pål Buhl-Mortensen

Seniorforskar Pål Buhl-Mortensen seier det er mykje å ta vare på havbotnen på Storneset ved Mørekysten.

Foto: Per Anders Todal

Storneset på Eggakanten utanfor Kristiansund er eit av dei mest produktive og artsrike områda på kontinentalsokkelen. Inntil nyleg har staden mangla ei grundig oversikt over kva som røyrer seg på havbotnen, men frå midten av august til slutten av juni har forskingsfartøyet Johan Hjort saumfare området.

Oppdragsgjevar er MAREANO; eit samarbeidsprosjekt mellom Havforskingsinstituttet, Norges geologiske undersøking og Statens kartverk under leiing av Fiskeridirektoratet.

– Vi har no fått større kunnskap om havet og prosessane som skjer der. Kunnskapen håper vi blir basisen i myndigheitene si områdeplanlegging, seier Buhl-Mortensen var toktleiar under oppdraget.

– Ettersom myndigheitene har eit ord med i laget om fiskeri og oljeutvinning, er det nyttig å kunne seie: «I dette området vert det veldig mykje skade om de går fram som planlagt», legg han til.

– Kan miste korallreva langs kysten

Øydelagt korallrev

Ein gong i tida var dette fargerikt og levande korallrev. Men spor viser at ein botntrålar har øydelagt området. Skadane kan vere oppmot 20 år gamle.

Foto: MAREANO/Havforskingssinstituttet

Ifølgje seniorforskaren finst det svært mange knuste korallrev heile vegen ned mot Stad.

– Dei ser ut som knuste grushaugar, og er eit trist syn, seier han.

Storneset tek imot havstraumane frå mellom anna Skottland og Færøyane. Eit levande koralliv der vil kunne syte for eit genetisk mangfald lengre nord langs kysten.

– Korallrevet sender frå seg larvar med havstraumane på same måte som blomar sender frå seg frø med vinden på land. Eg håper derfor Eggakanten, og spesielt Storneset, vert teke ekstra godt vare på i framtida, seier seniorforskaren.

Om Storneset går tapt, kan det fort få konsekvensar for korallrev i andre område av kontinentalsokkelen, seier han.

– Vi veit ikkje kor alvorlege konsekvensane av eit slikt scenario vil kunne verte.

Artikkelen held fram etter bildet.

Sommartoktet 2014

Her er området forskingsfartøyet 'Johan Hjort' har saumfare.

Foto: Mareano

«Spøkelsesfiske»

Fisketrålarane på forsøkt å halde seg unna på sokkelsida, men ønskjer gjerne å kome seg ut mot kanten der mange av korallreva er. Line- og garnfiskarar vert sett på som mindre skadelege, men over tid så slit også reiskapane deira på havbotnen, seier havforskaren.

– Vi har sett fleire garn som båtar har mista. Garna fører til såkalla «spøkselsesfiske» der store mengder fisk går seg fast i garna, berre for å så døy og rotne, seier han.

For å hindre spøkelsesfisket, blir garnfunna rapportert inn til Fiskeridirektoratet, som med jamne mellomrom skrapar opp garna ved å trekkje ein stor dregg over havbotnen.

– Garnoppryddinga i seg sjølv er skadeleg, seier Buhl-Mortensen. – Spørsmålet er då: Kva er viktigast, å hindre skade på korallrev eller hindre spøkelsesfiske?

Seniorforskaren ser helst at begge deler blir unngått. Derfor vil han no be Fiskeridirektoratet om å vurdere metodane for garnfjerning.

– Det finst meir moderne metodar enn å hive ut ein dregg og ukritisk skrape havbotnen. Til dømes kan ein bruke eit videokamera og gå meir presist til verks, seier Buhl-Mortensen.

– Viktig med kart

Buhl-Mortensen understrekar at det ikkje er Havforskingsinstituttet sin jobb å synse om fiskeri eller oljeutvinning i sårbare område som Storneset, men håper like fullt at jobben dei har gjort vil bidra til å verne områda for øydeleggjande aktivitet.

– Det er viktig å få desse korallreva ut på kart. Då kan til dømes fiskeria ta omsyn til dei og reglane om at det ikkje er lov å øydeleggje kjende korallrev med vilje, avsluttar han.