Hopp til innhold

Jubel for fireårs Mørebank-freding

Fiskarar i Møre og Romsdal jublar over at det blir stans i arbeidet med å kartleggje oljereservane på Mørebankane.

Fiskarar i fylket jublar over at det blir stans i arbeidet med å kartleggje oljereservane på Mørebankane.

Eit fireårsvern av Mørebankane får fiskarar i Møre og Romsdal til å juble.

Måndag blei det klart at Høgre og Framstegspartiet skal danne ny regjering, men Venstre og Kristeleg Folkeparti har forplikta seg gjennom ein samarbeidsavtale.

For å få med Venstre og KrF der, måtte det kompromiss til.

Eitt av punkta Venstre fekk banka gjennom, var at utredninga om oljeiting i Lofoten og Vesterålen, Mørebankane og andre område, ikkje skulle skje dei neste fire åra.

– Vi har stoppa konsekvensutredninga for oljeboring i Lofoten og Vesterålen, sa Venstre-leiar Trine Skei Grande under pressemøtet måndag.

Jarl Lillesalt

Jarl Lillesalt har vore uroa for oljeleiting på Mørebankane dei siste fire-fem åra.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

– Dei to viktigaste områda

Jubelen er stor blant miljøforkjemparane, medan ordførarar i Lofoten, oljebransjen og sjølv Høgre sine eigne politikarar var svært skuffa over det fireårige vernet.

– Det største tapet var nei til olje i nord, sa Høgre-nestleiar Bent Høie i dag tidleg.

Den komande regjeringa sitt kompromiss får derimot fiskarar på Møre til å juble.

– Mørebanken og Vesterålen er dei to viktigaste områda vi har. Det er dei områda vi fiskarar har brent for heile tida. Du har sildegytinga på Møre, og torskelarvane og torsken i Vesterålen. Og ikkje minst er fiskeplassane på desse stadane viktige, seier skipper for Kystfisk, Jarl Lillesalt.

Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt, meiner den fredinga er svært positivt.

– Eg trur at fiskarane generelt ser på Noreg som eitt land, og fiskefelta som eitt stort område. I så måte er det positivt at ikkje berre Lofoten og Vesterålen blir verna, meiner Maråk.

Meiner oljeindustrien fører til nok ulemper

Fiskebåt-direktøren er vidare svært tydeleg:

Audun Maråk

Audun Maråk i Fiskebåt meiner oljeindustrien fører til nok ulemper som det er.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

– Aktiviteten i oljesektoren er høg nok, og påfører annan norsk industri nok ulemper som det er.

Sjølv om fleirtalet av fiskarane og organisasjonane rundt var glade for vernet, var nokre usamde.

– Tida må gå framover, ein må berre nytte ressursane ein har. Vi har fiska mange år i Nordsjøen, sidan 70-talet, og det har aldri vore noko konflikt med plattformane, meiner skipper for Slettholmen, Kurt Kirkeland.

For den andre skipperen, Jarl Lillesalt, er derimot fireårsvernet tryggjande.

– Det betyr at vi kan slappe av litt betre. Vi har vore redde for utbygging og utredning dei siste fire-fem åra, avsluttar han.

Kystfisk

Fiskebåten Kystfisk og skipperen er blant dei som er glade for Mørebank-freding.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL