Fotballgolf som ny folkesport

– Golf har jo vorte ein folkesport så då kan vel fotballgolf verte det same. Det seier Åge Hareide etter at det vart opna ei heilt ny fotballgolfbane nyleg. Dette er noko alle kan vere med på.

Fotballgolf, Hareid

Fotballgolf har potensial i seg til å verte ein ny folkesport, berre det kjem på plass fleire anlegg. Det trur fleire som NRK har snakka med både i og utanfor fotballgolfmiljøet i Noreg.

Foto: Arne Flatin / NRK

Rosenborg-trenar Åge Hareide synest det er artig at dei har fått til ei slik bane i heimbygda.

Åge Hareide

Åge Hareide har god tru på at fotballgolf kan verte ein folkesport. Han synest det er artig at det har kome ei eiga fotballgolfbane i heimbygda hans Hareid.

Foto: Arne Flatin / NRK

– All trening med ball er bra og viktig for å lære teknikk. I tillegg er det kjekt for oss som er litt eldre og som framleis har konkurranseinstinktet.

På fotballgolfbana på Hareid er det nydeleg ver på opningsdagen. Dei fleste som er med er godt vaksne menn, men ei og anna kvinne og nokre ungdomar heng på. Denne dagen er det individuelle konkurransar der deltakarane er delt opp i grupper på fire deltakarar.

Anders Mork er mannen som sette i gang ideen om eit fotballgolfbane for eit par år sidan. Mork har ei helse som gjer at han ikkje kan vere aktiv på så mykje anna, men på fotballgolfbana kosar han seg.

Denne dagen er Mork stolt som ein hane over det dei har fått til på Hareid. Det sosiale er noko av det viktigaste for han.

Fotballgolf, Anders Mork

Anders Mork er initiativtakar til fotballgolfbana på Hareid. Han er tidlegare fotballspelar på nivå tre.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Fotballgolf er litt det same som minigolf med hinder og korte avstandar. Men i staden for golfkøller vert det brukt fotball. Her er det alle som kan delta og ein kan fort verte mykje betre, seier Anders Mork.

Ein av dei andre som kosar seg på 9-holsbana denne dagen er Kristoffer Sætrenes frå Ulsteinvik. Han er tidlegare NM-vinnar i noko som heiter footgolf, som er ein litt annan variant,

Kristoffer Sætrenes, fotballgolf

Kristoffer Sætrenes er NM-vinnar i footgolf og aktiv i fotballgolf. Han trur dette er ein sport som kan vekse fort.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Fotballgolf er sjeldan vare her i landet, seier Sætrenes. Footgolf derimot er det nokon som har halde på med ei stund.

– Fotballgolf er ganske lite. Vi har vore ein kompisgjeng frå Ulstein og Hareid som har reist rundt i Europa og delteke på turneringar. Footgolf-miljøet er vesentleg større. Der er det ein del personar som er med på turneringar og reiser rundt i Noreg. Footgolf skjer med litt større avstandar mellom hola enn fotballgolf.

Sætrenes er imponert over den nye fotballgolfbana på Hareid.

– Det er fantastisk. Her ser vi folk i alle aldrar og fasongar. Alle kan vere med på dette. Det einaste du treng er ei bane og ein fotball. Eg trur at andre golfklubbar vil sjå potensialet i dette med fotballgolf. Dermed kan dette verte veldig bra for folkehelsa at fleire kjem seg ut.

Aursnes skal prøve bana

Nyleg utteken landslagsspelar i fotball, Fredrik Aursnes, frå Hareid er også begeistra for den nye fotballgolfbana.

Fredrik Aursnes, MFK

Fredrik Aursnes, fersk landslagsspelar synest det er flott det som skjer i heimbygda Hareid med fotballgolfbane

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det er veldig kjekt at det har kome ei slik bane og eg kjem definitivt til å prøve den neste gong eg er heime, seier Molde-spelaren.

Aursnes meiner ein ikkje treng ekstreme fotballferdigheiter for å vere med på dette og at det dermed er noko alle kan spele og ha det artig med.

Kan verte 18-holsbane på sikt

Styreleiar i Sunnmøre golfklubb, Oddhild Sandanger, håper at fotballgolfbana kan gi meir aktivitet totalt sett for klubben. Til saman har dei brukt rundt 250 000 kroner på å opparbeide bana.

Målet på litt lengre sikt er å få til ei fullverdig 18-hols fotballgolfbane på Hareid, seier Sandanger.