Hopp til innhold

Første turist over Geirangervegen

Vegen inn til Geiranger opna i dag. I løpet av sesongen kjem ein halv million bilar til å køyre denne vegstrekninga. Opninga i dag er viktig for turistnæringa i heile regionen.

Video Geirangervegen opna

Alif Leonte var ein av dei første turistane som kunne køyre over Geirangervegen etter at den igjen opna i dag. Sjå video over.

Klokka 14.00 i dag opna ein av dei viktigaste turistvegane mellom Austlandet og Vestlandet.

- I dag er ein merkedag for Geiranger og reiselivet i nordvest. Når vegen opnar betyr det at no er sommaren verkeleg på stell, seier Ronny Brunvoll, leiar i Destinasjon Geirangerfjord og Trollstigen.

Les:

- Amazing!

Kvart år køyrer ein halv million menneske den tre mil lange vegen frå Oppland til Geiranger, over fjellet og midt i snøen. Vegopninga betyr mykje for reiselivet.

- Det betyr at vi får den naturlege ruta frå Austlandet og over mot den nordlege delen av fjordriket. Det er viktig ikkje berre for innbyggjarane i Geiranger, men også heile reiselivet i nordvest. For både Ottadalen, Nordfjord og Møre og Romsdal så er Geiranger sjølve katalysatoren, og det som dreg folket hit opp, seier Brunvoll.

Millionar av turistar har opp gjennom åra foreviga Geiranger, og no er sesongen i gang for i år. Oppe på 1000 meter byrjar turistane allereie å ta i bruk den nyopna vegen.

- It's amazing! Norway is a wonderful country, with wonderful people! I think I will come back, seier bubilturist Alif Leonte.

Likevel kan gleda vere kortvarig. Vegvesenet gjer merksam på at fylkesveg 63 kan verte stengd igjen på kort varsel, dersom det vert veromslag eller aukande skredfare.

Video Geirangervegen opna

Sjå reportasje frå opningsdagen.