Ordninga skal tre i kraft frå 1.januar 2012 og fører til stor spaning kring om dei som planlegg kraftutbygging her i fylket no vil satse.
- Straumprisen vert auka
Jenny Klinge frå Senterpartiet er usikker på kor mykje prisen på nettleiga vil stige.
- Det har eg ikkje noko meining om, men det er klart at straumprisen for forbrukarane vert noko auka, seier ho.
Likevel, Klinge meiner at pengane går til ei god sak.
- Forbrukarane må sjølvsagt betale for det, men det svært viktig at det er fornybar kraft vi betalar for, for det er altfor mykje produksjon som vi veit går utover miljø.
Klinge kan ikkje seie noko om kva prosjekt som ligg først i køa.
- Eg har ikkje noko direkte formeining om kva prosjekt det er. Men det som vi er glad for når det gjeld den avtalen som er forhandla fram i dag, er at den er såkalla teknologi-nøytral. Ein vert omfatta av ordninga uavhengig av produksjonsmåte og uavhengig av storleiken på kraftverket. Med andre ord betyr det at ordninga gjeld både store og små småkraft- og vindkraftprosjekt.