Hopp til innhold

Må i fengsel etter millionbedrageri – forfalska stolne rekningar

Ålesundsmannen sitt hovudnummer var å stele rekningar frå postkasser og forfalske dei med hans eige kontonummer.

No er han dømt til tre år og fire månaders fengsel i Sunnmøre tingrett, skriv Sunnmørsposten.

Stal identitetane til folk

Mannen er dømt for omfattande svindelverksemd, gjennomført i Ålesund, Haram og Vestnes.

Sunnmørsposten skriv at mannen misbrukte fleire personar sine fødsels- og kontonummer. Han søkte lån og kreditt i bankar og produserte falske faktura med andre sin informasjon.

Mannen sin hovudgeskjeft var derimot å stele rekningar og fakturaar frå postkasser. På ei vanleg rekning byta han ut innbetalingskontonummeret med sitt eige kontonummer.

Tingretten ser alvorleg på både den omfattande svindelen og tjuveriet av folk sine identitetar.

Over fem millionar

I alt skal mannen ha lurt til seg om lag éin million kroner, og prøvd å ulovleg lure til seg nærare fem millionar, fortel Sunnmørsposten.

I tillegg til fengselsstraff har mannen blitt dømt til å betale 900.000 kroner i erstatning.

Dommen til mannen omfattar, i tillegg til svindel og identitetstjuveri, mellom anna truslar mot barnevernet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL