Hopp til innhold

Fleirtal for to sjukehus

Med ni mot to røyster gjekk styret i Helse Nordmøre og Romsdal inn for at det skal vere to sjukehus i regionen.

 

Med sju mot fire røyster gjekk dei inn for å flytte akutt- og fødetilbodet frå Kristiansund til Molde.

Fleirtalet tok dermed ikkje omsyn til dei mange protestane frå Kristiansund og Nordmøre.

Innstillinga er i tråd med innstillinga frå leiinga i Helse Nordmøre og Romsdal. Helse Midt-Noreg gjer endeleg vedtak i neste veke.