Fleire fekk bruksforbod
Eit køyretøy fekk bruksforbod i ein trafikkontroll på Ørskogfjellet.
Køyretøyet hadde overlast og hadde heller ikkje montert fartsskrivar.
Ein annan førar fekk bruksforbod for manglande førarrett til køyretøykombinasjonen han køyrde, og det var dessutan feil med lys på hengar.
Bruksforbod blei også gitt til mangelfull sikring av last.
Elles blei det reagert på lysfeil på fleire køyretøy.