Hopp til innhold

Får endeleg trygg tomt

- Når tiltaka er gjennomført er dette tryggaste tomta i landet, seier talsmann i Fjelltunvegen 29.

Ole Bjørn Alvestad

- Eg kjenner meg veldig trygg på denne rapporten, seier Ole Bjørn Alvestad.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Ole Bjørn Alvestad er talsmann for dei som bur i Fjelltunvegen 29, og han er optimistisk etter å ha fått presentert rapporten frå NGI onsdag.

- Eg kjenner meg veldig trygg over rapporten som er komen, seier han.

Grundig rapport

- Det er ein veldig omfattande og grundig rapport der dei har gått gjennom området og analysert og rekna på det, og foreslått vel og merke relativt omfattande tiltak, men betryggande tiltak, meiner Alvestad.

Rapporten frå NGI slår fast at tiltaka som må til vil koste om lag 1,1 millionar kroner.

Blir trygg tomt

Alvestad seier det ikkje er klart kven som skal betale for tiltaka.

- Kostnadene har vi ikkje diskutert i det heile tatt endå, så det kan eg ikkje svare på, fortel han.

- Når desse tiltaka er gjennomført, så trur eg ikkje det er ei einaste tomt i Noreg i ei fjellskråning, som er sikrare enn oppe i Fjelltunvegen, trur Alvestad.