Når kjellaren er under oppussing og familien på seks deler eitt bad, passar det dårleg å få koronasmitte i hus. Det har familien i Ålesund erfart.
– Vi tenkte at vi berre må leve som normalt. Blir vi smitta, så blir vi smitta, seier firebarnsmor Hilde Namsvatn Lillebø.
Det var ni år gamle Mia Eilen som først fekk symptom 18. desember. På skulen hennar er det utbrot av omikron og så langt er mellom 50 og 60 smitta.
Foreldra bestemte fort at det var uaktuelt å isolere niåringen på rommet. I staden har alle fire barna fått vore saman slik dei brukar.
– Vi ville ikkje isolere henne. Det hadde eg ikkje hatt hjarte til å gjere og ikkje når det er jul i tillegg, seier Namsvatn Lillebø.
Heile familien samla rundt brettspelet i jula. Frå venstre: Tim Ivan (12), Mia Eilen (9), Hilde, Neema (6), Jørn Asle og Ruben Elia Namsvatn Lillebø (13). Far i huset er vaksinert tre gonger, mor to gonger og eldsteguten ein gong. Dei trur dette er årsaka til dei milde symptoma.
Foto: privatFleire gjer det same
Rektor ved Åse skole, Vigdis Rønning, er heilt samd i måten familien taklar koronautbrotet på. Ho veit at fleire familiar ikkje isolerer barna.
– Dei tenker at her får vi berre ta smitten. Det verkar som folk ikkje blir så sjuke, så fleire har tatt risikoen på å bli smitta, rett og slett berre for å bli ferdig med det, seier Rønning.
Rektor Vigdis Rønning ved Åse skole i Ålesund seier fleire familiar no lar vere å isolere barna sine. På den måten ønskjer dei å bli ferdig med smitten i juleferien.
Foto: Nils-Atle Sundnes / NRKMen Helsedirektoratet er ikkje utan vidare glad for at smitta barn ikkje blir isolerte. Regelverket tilseier at også dei skal isolerast i seks dagar. Men samtidig skal ikkje isolasjonen gå utover barnet sitt omsorgsbehov.
– Vi synest ikkje det er ein god idé å la smitten fare gjennom familien, men forstår og meiner det er rett å ta omsyn til omsorg til barnet i ein isolasjonssituasjon, skriv talsperson Johan Georg Røstad Torgersen i ein e-post til NRK.
Talsperson Johan Georg Røstad Torgersen i Helsedirektoratet synest ikkje det er ein god idé å la smitten fare gjennom familien. Han skjønar likevel at ein må ta omsyn til behovet for omsorg til eit barn i isolasjon.
Tre blei smitta
For familien Namsvatn Lillebø i Ålesund stoppa ikkje smitten i huset med niåringen.
22. desember testa Hilde og mannen Jørn Asle positivt og julaftan fekk yngstejenta på seks år korona. Dei er overbeviste om at fleire rundar med vaksine er årsaka til at dei ikkje har blitt særleg sjuke.
Førebels er verken 12-åringen eller 13-åringen i huset smitta. Foreldra er overraska over at dei ikkje har blitt sjuke, men er usikker på om ho ynskjer at dei også berre skal få det overstått.
– Dersom dei får det så mildt som vi andre har hatt det, hadde det vore like greitt at dei fekk det, men det er vanskeleg å vite, seier firebarnsmora.
Ho gler seg til at koronautbrotet i huset er over og alle kan gå ut i frisk luft igjen.
Det er godt å kome ut på verandaen og trekkje frisk luft. Familien har vore i isolasjon saman i ti dagar og gler seg til alt er over.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK