Hopp til innhold

Familiefar dømd til fengsel i 11 1/2 år for overgrep og mishandling

Mannen er dømd for å ha mishandla borna sine på ulike måtar over fleire år. No må han sone fleire år i fengsel og betale over 6 millionar i erstatning.

Ålesund tinghus

Møre og Romsdal tingrett har behandla den omfattande familievaldssaka i vår.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Oppdatert torsdag 12. juni: Mannen sin advokat, Oddvar Aarsæther, stadfestar at saka er anka. Saka skal opp i retten igjen i oktober.

Ein far er dømd til fengsel i 11 år og 6 månader for overgrep mot eitt barn og mishandling av resten av familien sin i årevis.

Mishandlinga skal ha skjedd i samband med at faren ville oppdra barna.

Det går fram av dommen frå Møre og Romsdal tingrett.

– Det er ei svært alvorleg sak der det er mange fornærma og det er gjort grove overgrep over tid, seier statsadvokat Inger Myklebust.

Mannen sin advokat seier han er skuffa over å ikkje bli trudd når han nektar for at dette har skjedd.

Advokat Inger Myklebust.

Statsadvokat Inger Myklebust.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Overgrep i mange år

Mannen er dømd for mishandling av både den tidlegare sambuaren sin og heile barneflokken. Spesielt hardt har det gått ut over ein av dei eldste:

«Flere av de fornærmede har forklart at mishandlingen ... har vært ren tortur».

Mannen er dømd for å ha forgripe seg seksuelt mot barnet frå før 14-årsalderen og i mange år.

I retten kom det fram at overgrepa ofte skjedde etter at barnet hadde gjort noko gale. Under påskot av å ville rettleie barnet, skal han ha forgripe seg. Han skal også ha trua med å ta livet av både seg sjølv og resten av familien, om barnet fortalde kva som skjedde.

Advokat Arnhild Skretting i Advokatfirma Skretting

Arnhild Skretting er bistandsadvokat for barnet som retten meiner det gjekk hardast ut over.

Foto: Anne Lise Norheim

Arnhild Skretting er bistandsadvokat for det barnet som faren no er dømd for å ha forgripe seg seksuelt mot i årevis. Ho seier til NRK at det er godt for barnet å bli trudd av ein samrøystes rett.

– Men min klient uttalar at ingen dom eller erstatning kan gje barnet tilbake barndommen eller livet sitt, seier ho.

Trur ikkje på familiefaren

Overgrepa skal ha skjedd mange år tilbake, og ville i dag blitt rekna for valdtekter etter at den nye straffelova blei innført.

Mannen sjølv nektar for alt, men det festar ikkje retten lit til:

«Etter rettens vurdering er tiltaltes forklaring om at det ikke skal ha skjedd seksuelle overgrep et forsøk på å komme seg unna straffeansvar og soning av en lang fengselsstraff for forhold som er tabubelagt. Det er etter rettens vurdering ikke noe i bevisførselen som støtter tiltaltes forklaring».

Politihuset i Ålesund

Politiet har etterforska den omfattande familievaldssaka.

Foto: Remi Sagen / NRK

Barnevernet skal ha fått uromeldingar

I dommen kjem det fram at mannen kom til Noreg og stifta familie før tusenårsskiftet. Den tidlegare sambuaren skal ha trudd at det var mannen som bestemte, og at ho måtte vere underdanig.

Allereie frå starten av forholdet skal det ha vore turbulent. Fleire av borna har forklart at faren har utøvd sosial kontroll over heile familien slik at det var ei vedvarande frykt for nye valdsepisodar.

Barnevernet skal ha fått tips både frå borna sjølve og andre om ein uhaldbar situasjon.

Må betale millionerstatning

No må faren betale 6,7 millionar i erstatning, det aller meste til det barnet som har blitt utsett for omfattande overgrep i årevis.

Retten er komen til at barnet har fått delvis nedsett funksjonsevne som følgje av det faren har gjort, og mesteparten er erstatning for tapte arbeidsinntekter. Ein halv million er erstatning for lån som barnet har tatt opp, men som faren har brukt til gambling.

Mannen er også dømd til å halde seg unna barnet og den tidlegare sambuaren sin i fleire år framover.

Dommen er identisk med det politiet bad om.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

en mann som holder et stort utstyr

Største utfallet på ti år – måndag er framleis fleire i Molde utan dekning

Dronebilder av skadd skog etter stormen Amy

Skogen blei rasert av «Amy»: – Det var eit sjokkerande syn