Mathilde Knutsen Uri (31) og Ole Henrik Uri (33) har budd ein månad i toppsuiten for å ha kortast mogleg veg til jobben.
– Huset fortener å kome seg tilbake til stordomstida si. Det var eitt flott hus for lakselordar og turistar. Difor har det blitt eitt hotell med stil frå 1800- og tidleg 1900-talet, forklarar Mathilde Uri.
Frå camping til overnattingsimperium
Familien til Ole Henrik har drive campingplass i over 30 år. Den tok han over i 2014.
Då balla det på seg.
– Vi innsåg at det ikkje berre går an å leve av éin campingplass. Så ein blei til tre, fortel Ole Henrik Uri.
Deretter fann dei ut at dei kunne satse vidare og kjøpte eit gjestehus.
Rundt bordet kong Haakon VII sat ved på 30-talet, fortel ekteparet Uri om deira håp for framtida.
Foto: Marius Åmbakk BjørkedalPå bryllaupsreise på Island i 2018 såg ekteparet at gamle Sylte hotell låg ute for sal. I lykkerus tok dei sjansen og blei hotelleigarar.
Alt dette har kosta over ti millionar kroner.
Omsetninga til norsk reiseliv vil doble seg
– Det er positivt og viktig at unge satsar på reiseliv, for reiseliv er ei viktig framtidsnæring, seier Ida Bakken Tønder, kommunikasjonssjef i NHO Reiseliv.
Kommunikasjonssjef i NHO Reiseliv, Ida Bakken Tønder.
Foto: Per Sollerman / Per SollermanHo viser til analysebyrået Menon Economics som har estimert at norsk reiseliv si omsetning nesten vil doble seg fram mot 2030.
Tønder fortel at etterspørselen for opplevingar nær natur har auka mykje dei siste åra, og kjem til å fortsette.
– Det unge paret får også ei moglegheit til å bidra til utviklinga av bygda, arbeidsplassar og auka inntekter til kommunekassa, seier ho.
Denne utstoppa fuglen har ei lang historie bak seg. Etter å ha sett den på eit bilete, fann ekteparet Uri han gøymd i ei kasse. No står han i storstova.
Foto: Marius Åmbakk BjørkedalLikevel kan ekteparet få utfordringar. På Vestlandet er det ofte berre i sommarmånadane turistane kjem.
– Men klarer ein å trekke til seg gjestar utanfor sommaren, har ein gode føresetnadar for å lukkast.
Inviterte heile bygda
Førre fredag var det duka for stor opning. Det var tid for å sjå om det var interesse for prosjektet som har kosta om lag fem millionar kroner og fleire tusen arbeidstimar på var verdt det.
– Eg trur vi er stressa, dritstressa begge to. Nå får det berre stå til, sa Mathilde timar før opninga av hotellet.
Familie og venar sprang rundt i gangane og hjelpte til. Sjølv etter fire år med renovering var ikkje alt på plass på opningsdagen.
Noko av det som ikkje er heilt på plass, er golv- og trappeteppe.
Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal– Vi har stått og gnura med dette her i fire år no, og no skal andre sjå og meine noko om det vi har gjort, seier Mathilde.
Turistar og bygdefolket i Valldal kom på opninga for å sjå hotellet.
Foto: Anna AppelqvistOg tilbakemeldingar har dei fått. For kring 300 personar møtte opp for å sjå på hotellet under opninga. Mathilde Uri synest det gjekk over all forventing.
Korleis det vil gå framover veit dei ikkje.
– Vi forventar det vil gå bra, og at det er etterspørsel for dette, men vi har sjølvsagt hatt tankar undervegs om kva som kan skje, fortel Ole Henrik.
Sylte hotell ligg i fjellbygda Valldal, rett ved der kong Olav den heilage skal ha kasta ein sjøorm i Syltefjellet.
Foto: Marius Åmbakk BjørkedalEige «hotellskrømt»
Gamle hotell har ofte ei spøkelseshistorie. Sylte hotell er ikkje eit unntak.
Ekteparet Uri er nemleg sikre på at dei aldri er aleine på hotellet. Sjølv dagane dei skal vere det.
Hotellet er gamalt. Difor måtte Ole Henrik og Mathilde sette opp sprinkel i heile huset. Dette viste seg å vere ein tungvint prosess.
Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal– Vi kjenner historia til alle styrarane her. Men når eg ser på bilde, er det Gunder som har utpeika seg om ein streng styrar, fortel Mathilde.
I ei periode turte ikkje ho å gå aleine i gangane på kveldstid.
– Det er aldri heilt stille her, sjølv om det skal vere det. Då eg jobba aleine på kveldstid med berre ei hovudlykt, høyrde eg ofte smell i dører, seier Ole Henrik Uri.
Men dei trur ikkje det er vonde ånder som går att.
– Ingenting gale har skjedd. Så vi mistenker at dei er fornøgde med jobben vi gjer.