Hopp til innhold

Flytta til rik kommune for at kona skulle få sjukeheimsplass

På ti år har om lag 2400 sjukeheimsplassar blitt lagt ned. Eivind Sporsem valde å flytte for at kona med demens skulle få kome på sjukeheim.

Eivind Sporsem flytta til fritidsbustaden sin i Aukra. Det er eit småbruk med kvitt gamalt hus og raud løe. Sporsem står ute med ei bøtte med ved i snøen.

Eivind Sporsem flytta til fritidsbustaden i Aukra. Den kommunen kunne nemleg tilby sjukeheimsplass til kona.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det er golvkaldt og lave dører i det over 100 år gamle huset Eivind Sporsem (71) har busett seg i. Planen var aldri at han skulle bu permanent i fritidsbustaden, men han såg ingen anna utveg. Like ved har kona endeleg fått sjukeheimsplass.

– Eg tenkte at ho skulle vere heime og at vi skulle få det til på ein best mogleg måte. Men når du blir så sliten og ikkje får sove, er det vanskeleg å få livet til å fungere, seier Eivind Sporsem.

Då den aktive ålesundspolitikaren, Bjørg Riksfjord (72), fekk problem med å forstå dokument forstod familien at noko var gale. Ho som alltid hadde minst ei bok på nattbordet, slutta å lese og ho blei gløymsk. For fem år sidan fekk ho diagnosen Alzheimers.

Det var Sunnmørsposten som først fortalde historia.

Bjørg Riksfjord har fått sjukeheimsplass på Aukra. Ho sit i ein grøn stol med senga i bakgrunnen.

Bjørg Riksfjord har fått heildøgns plass ved Aukra omsorgssenter. Ho var tidlegare både politikar og journalist.

Foto: privat

Gjekk ut om natta

Ho kunne plutseleg stå opp midt om natta og gå ut. Ho hallusinerte og såg folk i huset som ikkje var der. For Sporsem blei det ein fulltidsjobb å passe henne. Sjølv var han utmatta av søvnmangel.

– Vi prøvde i halvanna år å få full sjukeheimsplass i Ålesund, men fekk stadige avslag, seier Sporsem.

Ekteparet har budd i Ålesund i nær 50 år, men kjem begge frå den rike gasskommunen Aukra. Der har dei også fritidsbustad. Det skulle vise seg å bli løysinga på sjukeheimsproblemet.

– I Aukra scora ho på alle kriterium for å få fast plass. Det høyrde eg aldri frå Ålesund. Dei må no vel ha dei same kriterium i heile landet? undrar Sporsem.

Eivind Sporsem sit i stova i det gamle huset og blar i album. På bordet står kaffikanne og kaffikopp.

Eivind Sporsem kikar tilbake på gamle bilete. Han trivast i fritidsbustaden, men saknar Ålesund.

Foto: Roar Strøm / NRK

Grundige vurderingar

Kommunalsjef i Ålesund kommune, Synnøve Vasstrand Synnes, seier at ho ikkje kan uttale seg om saka til ekteparet. Generelt blir alle som søker om sjukeheimsplass vurdert grundig og individuelt etter helse- og omsorgslova.

Kommunalsjef Synnøve Vasstrand Synnes i Ålesund kommune på kontoret sitt. Ho har utsikt til Fjellstua.

Synnøve Vasstrand Synnes er kommunalsjef i Ålesund kommune. Ho seier at kommunane må tenke meir heimebasert omsorg fordi det ikkje finst nok helsepersonell til sjukeheimar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Det er klart at kapasiteten på sjukeheimsplassar kan kanskje vere forskjellig frå kommune til kommune, seier Synnes.

Ålesund kommune har lagt ned rundt 55 sjukeheimsplassar dei siste to åra og 25 fleire er under avvikling. Synnes seier at kommunen har god dekning samanlikna med andre kommunar og at dei framover skal satse meir på heimebaserte tenester.

Bente Lund Jacobsen

Eldreombod Bente Lund Jacobsen meiner det er feil veg å gå når sjukeheimsplassar blir lagt ned.

Foto: Svein Arne Orvik / Eldreombudet

Sjukeheimsplassar forsvinn

Eldreombod Bente Lund Jacobsen seier at dei i fleire år har bedt styresmaktene om meir pengar til kommunane for å unngå nedlegging av sjukeheimsplassar. Ho veit at eldre ynskjer å bu heime lengst mogleg, men når det ikkje går lenger må ein få sjukeheimsplass.

– Eg trur ikkje på at den store graden av nedlegging når vi blir såpass mange eldre dei neste åra, seier Jacobsen.

På ti år har det blitt lagt ned over 2400 sjukeheimsplassar.

– Det er ein aukande forskjell mellom sjukeheimsplassar og talet på eldre. Det er ein manglande samanheng, seier professor Oddvar Førland ved Senter for omsorgsforsking ved Høgskulen på Vestlandet.

Sjølv om eldre stadig får betre helse, trur han ikkje det veg opp for behovet for sjukeheimsplassar.

Førland meiner at dei fleste kjem til eit punkt der dei ikkje lenger kan bu heime, fordi pleiebehovet er så stort.

Standup om demens

Eivind Sporsem er glad for at han og kona fekk ein betre kvardag i Aukra, sjølv om dei aldri hadde flytta frå Ålesund visst Bjørg hadde fått sjukeheimsplass der.

No veit han at kona har det trygt på sjukeheimen og han har fått att overskotet.

– Eg kan halde på med aktivitetar, eg hogg ved, eg er på sjøen og får brukt meg sjølv. Eg har eit godt pensjonistliv, seier Eivind Sporsem.

Terje Sporsem, Bjørg Riksfjord og Eivind Sporsem har tatt selfie. Alle tre har hattar på seg og smiler.

Terje Sporsem er ikkje redd for å snakke om demenssjukdom i showa sine. Han er oppteken av at kommunane ikkje må bygge ned tilboda sine.

Foto: privat

Sonen deira er den kjende komikaren Terje Sporsem, som har brukt mora sin demenssjukdom i sine standupshow.

Han er opptatt av at kommunane må vere budde på at det kjem ein tsunami av demenssjuke.

– Det som er så rart er at det skal vere så stor forskjell på tilbodet kommunane gir. Vi blir utan tvil eldre og eldre og fleire og fleire har behov for hjelp framover, seier Terje Sporsheim.

Pappa Eivind Sporsem forstår heller ikkje logikken.

– Det verkar mot si hensikt. Ein bør heller bygge opp fleire og ha ein beredskap. Styresmaktene må sette av pengar og ikkje la det bli ei årleg budsjettsak, seier Eivind Sporsem.

Åge Aleksandersen gjør duett med datteren. Komiker Terje Sporsem snakker om morens demens. Skuespiller Herbert Nordrum spiller i Norges Oscarhåp.

Komikar Terje Sporsem snakka om mora sin demenssjukdom på Lindmo

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL