Hopp til innhold

Éin til sjukehus etter grov valdshending

To menn er arresterte etter det politiet beskriv som ei grov valdshending i Vanylven på Sunnmøre.

VANYLVEN: Valdshendinga skjedde i Vanylven kommune på Sunnmøre.

Politiet i Møre og Romsdal blei varsla om hendinga rundt klokka 02.51 natt til søndag.

– Ein person er frakta til sjukehus etter hendinga. Valden blir beskrive som grov, seier Tove Brunvold Holst-Dyrnes, operasjonsleiar i politiet.

Ho seier vidare at vedkomande blei frakta til sjukehuset i Volda. Skadeomfanget er så langt ukjent.

– Vi har ikkje fått avhøyrt han endå, seier Brunvold Holst-Dyrnes.

Søndag ettermiddag har politiet enno ikkje fått ei oppdatering på helsetilstanden til mannen.

To menn arresterte

Alle dei involverte skal vere menn i 30-åra. To menn blei arresterte i morgontimane søndag. Dei har status som sikta i saka.

Tove Holst-Dyrnes, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Tove Brunvold Holst-Dyrnes, operasjonsleiar i politiet. 

Foto: Casper Kanestrøm / Politiet

Det er så langt uklart kva som var årsaka til valdshendinga, fortel operasjonsleiaren.

– Det må vi etterforske. Valden skjedde utandørs på Fiskå, seier Brunvold Holst-Dyrnes.

Dei to arresterte mennene er frakta til Ålesund der dei sit i arresten. Det er så langt uklart om dei blir avhøyrt i dag. Dei skal vere påverka av alkohol.

– Det kjem an på om det er mogleg å avhøyre dei i dag, seier operasjonsleiaren.