Både i Molde og Ålesund har mange fotgjengarar vorte tvinga ut i gatene og må konkurrere med bilistasr på snølagte vegar. Folk er fortvilte og posten skal fram, men for postbud Sebastian Jansen i Ålesund kan det verte vel store utfordringar.
- Dette er elendig. Det er nesten ikkje mogleg å kome seg fram i Ålesund sentrum, seier Jansen.
Ikkje bøter
Ifølge politivedtektene pliktar huseigarane å halde fortaua snøfrie, men politiet i dei tre største byane kan ikkje hugse at dei har bøtelagt ein einaste huseigar, og seier dei ikkje kan prioritere dette.
- Vi må ta dei oppdraga som til ei kvar tid er dei viktigaste og då må snømåking vike for meir akutte oppdrag, seier politistasjonssjef i Ålesund Endre Flatvad.
Endre Flatvad, politistasjonssjef i Ålesund.
Foto: Synnøve Hole / NRK