Brannvesen melder at dei har fått sløkt alle flammane og startar utluftning. Det er uvisst kor store skadar det er på bygget.
Ifølge politiet blei det tidleg stadfesta opne flammar, og det brann i fleire etasjar i huset. Det er ein person på adressa og vedkomande fekk tatt seg ut. Det er ikkje meldt om personskade.
Opne flammar
Operasjonsleiar Sindre Molnes i politiet har fått melding om at brannvesenet driv skadebegrensing på staden.
Foto: Remi Sagen / NRKOperasjonsleiar Sindre Molnes i politiet seier at det først blei observert opne flammar på kjøkenet i bustaden, men at det er uvisst kvar brannen starta.
Mindre styrkar frå brannvesenet starta skadebegrensande sløkking, og det var ikkje fare for at brannen skulle spreie seg.