Hopp til innhold

Båt velta ved verft i Tomrefjord – 15 blei evakuerte

Ein båt som ligg ved dokk på verftet Vard i Langsten har slagside. Ingen skal vere skadd.

Båt ved Vard Langsten i Tomrefjord har velta i dokka

Trålaren som låg i dokk ved verftet fekk slagside.

Foto: tipsar

Ein fiskebåt som ligg i dokk ved verftet i Tomrefjord har slagside. Båten var inne på verftet på service då skipet bikka over.

– Det var enklast å evakuere mannskapet ved at dei kledde på seg overlevingsdrakter og sklei bak på hekken og ut i vatnet. Det var ikkje noko dramatikk i det, seier verftsdirektør Ronny Opsjøn Langset. Det var 15 personar om bord då ulykka skjedde.

Ingen personar vart skadde, verken frå verftspersonalet eller dei om bord.

Det var Bygdebladet som først omtalte saka. Ulykka skjedde klokka 14. 30.

Kran velta

Vard veit ikkje kva som er årsaka til hendinga. Det er hol i dokka, fordi ein kran har velta og gått i sjøen.

– No sveisar vi igjen det før vi gjer ei kontrollert seinking av dokka slik at båten kan flyte igjen, seier Langset.

Dei driv også med undervassdrone for å gjere inspeksjon for å sikre at det ikkje er skade på trålaren.

Det er berre nokre veker sidan verftet i Søvika hadde tilsvarande hending.

Er tryggleiken til Vard god nok?

– Det er sjølvsagt utfordrande og stå rakrygga å seie at det når vi har slike hendingar etter kvarandre, men eg meiner det. Her et det sjølvsagt noko vi må verkeleg gå opp og sjå, seier Langset.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL