Asbjørn Gjærde
Asbjørn Gjærde har arbeidd i kringkastinga sidan 1965, mesteparten av tida i Ålesund, men mange år også i Dagsnytt og Dagsrevyen i Oslo. Han var Dagsrevyens første programleiar frå Møre og Romsdal og ein av dei første programleiarane av Norge Rundt. Gjærde var sjef for NRK Møre og Romsdal i ein syttenårsperiode fram til hausten 1997, og har sidan hatt ei friare stilling som redaktør. Før han kom til NRK, arbeidde han ei tid som journalist i Sunnmørsposten. Asbjørn Gjærde har studert historie og statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Asbjørn Gjærde er frå Stranda.
Publisert
Artikkelen er flere år gammel.
Publisert