Hopp til innhold

Ålesund-kvinne inn i styret

For fyrste gong har Noregs Fiskarlag vald inn ei kvinne i landsstyret. Solveig Strand frå Ålesund er vald inn som representant for Fiskebåtredernes Forbund.

Strand er dagleg leiar i Olav Strand Fiskeriselskap og med i familieselskapet Strand Rederi som i hovudsak driv fiskeri innan kvitfisk og pelagisk.

Ho sat og som statssekretær i Fiskeridepartementet under Bondevik 2 regjeringa, men trakk seg etter vel eit halvt år då rederiet vart meldt for ulovleg fiske på truga fiskeartar.