Hopp til innhold

AaFK vann 2-0 over Wisla Krakóv

Aalesund vann 2-0 over Wisla Krakóv. Daniel Arnefjord og Pablo Herrera skåra for sunnmøringane.

Pablo Herrera AALESUND - VIKING (3-1)

MÅL OG BOM: Pablo Herrera bomma på straffe, men skåra to minutt etterpå.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Aalesund vann over det polske laget Wisla Krakóv etter skåringar av Daniel Arnefjord og Pablo Herrera. AaFK hadde overtaket det meste av kampen, og brente til og med eit straffespark.

Aalesunds Daniel Arnefjord

SKÅRA: Daniel Arnefjord gikk på løp og putta det første målet i Copa del Sol.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / SCANPIX

Om lag ti minutt ut i andreomgangen kom Arnefjord på eit lurt løp, stussa vidare eit frispark, og skåra dermed det første målet i fotballturneringa Copa del Sol i Spania.

Wisla Krakóv var nære ei utlikning i sluttminutta, men det vart klabb og babb i feltet framfor den solide målmanndebutanten Sten Grytebust, og ballen gjekk like utafor.

Og fem minutt før slutt var det klart for Herrera-show. Han bomma på straffespark, men gjorde det godt att med å skåre to minutt etterpå, frå om lag 16 meter etter ei kontring.

Rekdal: - Spelte etter motstandaren

Til TV2 etter kampen sa trenar Kjetil Rekdal at han var fornøgd med resultatet og prestasjonen, men at AaFK gav vekk initiativet utover i kampen, og måtte tilpasse seg det polske laget.

– Vi må øve på å føre kampar og bli betre med ballen, sa Rekdal.

Den røynde straffesparkskyttaren Rekdal måtte innrømme at det var litt pinleg å vere sjef for eit straffebomlag.

– No må vi ha ein intern konkurranse for å sjå kven som skal ta straffene, sa Kjetil Rekdal.

AaFK best i første omgang

Nykommar Kjell Rune Sellin var flott frampå etter berre 9 minutt. Også Michael Barrantes hadde fin kurs mot mål, men vart felt og heldt i trøya.

– Eg er godt fornøgd så langt, og vi var nære ved å ta leiinga eit par gonger. Dette ser bra ut på dette tidspunktet, sa trenar Kjetil Rekdal til TV2 i pausen.

AaFK - Wisla Krakov

NESTEN: Her var Kjell Rune Sellin godt frempå med en mulighet til å sende Aalesund i ledelsen.

Foto: TV2

Kjell Rune Sellin fekk ein trøkk i ansiktet, og det blåste seg opp ein valdsam kul i panna. Han gjekk ut berre sekund før det vart blåse til pause. I samband med dette varsla Kjetil Rekdal at Daniel Arnefjord og Amund Skiri skulle komme på banen i andre omgang.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL