På Facebook og Instagram har A-ha lagt ut eit bilete som festivalfotografen Johannes Lovund har tatt av lydstudioet på Giske, med bølgene i forgrunnen. Studiomanager Terje Erstad seier at det verdskjende bandet har booka tid hos dei juni, men at han så langt veit lite om kva som skal skje.
– Det er i planleggingsstadiet, men det blir eit prosjekt på Giske. Det kan bli innspeling og ein liten konsert, seier Erstad.
Terje Erstad synest det er stas at A-ha kjem til Sunnmøre.
Foto: Lise Kristin Valgermo / NRKHan seier at bandet sjølv heller ikkje heilt har bestemt kva som skal skje. Uansett blir det ikkje ein A-ha-konsert som folk er vande med, med publikum i tusental. Studioet har berre plass til 100 personar, og plar ha intimkonsertar.
– Det kan jo hende at mange dukkar opp etter at dei har sett biletet i sosiale medium, men vi har berre plass til nokre få, ler Erstad.
Sjølv om det er over 30 år sidan A-ha slo gjennom, er dei framleis store på verdsbasis. Bandet har selt millionar av plater internasjonalt. A-ha la opp i 2009, men vart gjenforeinde få år seinare. Dei har annonsert at dei skal ut på Europaturne i 2018.
– A-ha er heilt enormt store framleis og spelar for fulle arenaer. For oss er det stas at dei kjem til Giske, seier Erstad.