Hopp til innhold

Ekstremveret «Tor» råka familien hardt

Først flerra «Tor» av løetaket på barndomsgarden på Stadlandet. Då Odd Magne Stave skulle setje seg i bilen for å reise til Stad, røska «Tor» vekk taket hos svigermor hans.

Taktekkinga blei rive av halve huset

Odd Magne Stave prøvde straks å begrense skadane.

Foto: Privat: Odd Magne Stave

Odd Magne Stave bur i Langevåg på Sunnmøre, to og ein halv times køyretur frå barndomsheimen på Stadlandet. Som tidlegare forsikringsmann var han budd på at vind av orkans styrke kunne gjere stor skade. Men at han skulle bli råka to gonger, kom nok som ei overrasking.

Tor øydela halve taket

Halve taktekkinga blei rive av.

Foto: Privat: Odd Magne Stave

Først barndomsheimen - så huset til svigermor

Ekstremveret «Tor» slo først til i sør. Då ekstremveret herja som verst i Sogn og Fjordane fekk han ei alarmerande melding frå barndomstraktene.

– Tor hadde teke med seg brekkjernet og byrja å rive løetaket, fortel Stave.

Dermed var gode råd dyre. Stave fann fort ut at han måtte setje seg i bilen og køyre dei to og ein halv timane til Stadlandet, om dei to ferjestrekningane framleis var opne. Men han rakk ikkje ein gong å setje seg i bilen før neste melding kom. Då hadde «Tor» flytta seg dei 100 kilometera lenger nord og slo til der.

Den same Tor hadde flytta seg hit til Langevåg, og no var det taket på huset til ho svigermor han brukte brekkjernet på.

Uthus fekk skade i Borgundgavlen i Ålesund

I Borgundgavlen i Ålesund gjekk det hardt utover eit uthus.

Foto: Laila K.T. Helle

Taktekkinga for

Der blei taktekkinga på halve huset rive av og som pensjonert forsikringsmann forstod han at han straks måtte prøve å avgrense skaden. Regnvatnet rann inn og Stave måtte prøve å stoppe det, og fekk etter kvart hjelp frå forsikringsselskapet.

– No blir det å rive ut og tørka der det er nødvendig, og så kjem forsikringsselskapet og sprikrar på plast. Eg kunne ikkje halde på med det oppe på taket der i går kveld, medan Tor herja som verst.

Naustet blei knust av eit tre

Jan Tore Flovikholm fekk naustet sitt på Åfarnes knust av eit tre.

Foto: Privat: Jan Tore Flovikholm

Naustet blei knust

Men Stave er ikkje den einaste. Skademeldingar har kome inn til alle forsikringsselskapa. Kjell Godø Dyb i forsikringsselskapet Møretrygd har inntrykk av at områda sør i fylket blei hardast ramma.

Han samanliknar med då Dagmar stod på, og seier at skadeomfanget er langt mindre denne gongen. Men han er førebudd på fleire meldingar etter kvart som skadane blir oppdaga.

– Arbeidet med å begrense skadane og hjelpe dei som blei ramma starta med ein gong, fortel Kjell Godø Dyb i Møretrygd.

Meir kjem for dagen

Nøyaktig kor mange skademeldingar som har kome inn, og kor mykje det vil koste forsikringsselskapa blir ikkje klart før selskapa har fått summert opp og rekna ut. Meir kjem nok også for dagen når folk kjem på arbeidsplassane sine eller får sjekka fritidsbustader og hytter.

– Tor var på eit kort besøk, og dessutan blei vi hjelpte med at det var fjøre sjø, medan Dagmar blei kombinert med springflo, seier Godø Dyb.

Kyrkja på Haramsøya har fått nokre skadar av Tor

Haram kyrkje har fått nokre mindre skadar.

Foto: Hakon Akselsen