Hopp til innhold

– Eit slikt forslag vil koste liv

Ordføraren i Hareid fryktar for innbyggjarane sine etter dei foreslåtte kutta i ambulansetenesta.

Ambulansen i Midt-Norge.

Ambulanse Midt-Norge må spare 25 millionar i 2014. I forslaget til styret vil det gå utover beredskapen på Søre Sunnmøre og på Nordmøre.

Foto: Anders Ulvolden/NRK

Ordførar Anders Riise i Hareid er sterkt kritisk til innsparingstiltaka som administrasjonen i Ambulanse Midt-Norge foreslår.

– Det er ei rasering av beredskapen og ei svekking av tilbodet til oss, kommenterer han.

Føretaket må spare 25 millionar kroner i år, for å gå i balanse. Tiltaka som skal behandlast i styremøtet torsdag, vil spesielt ramme Nordmøre og Søre Sunnmøre – der talet på sjukebilar med døgnberedskap er foreslått halvert.

Halverer døgnberedskapen

Anders Riise

Ordførar Anders Riise (H) i Hareid meiner kuttforslaget til Ambulanse Midt-Norge kan få konsekvensar for liv og helse.

Foto: Trond Vestre

I tilrådinga til styret seier administrerande direktør Håkon Gammelsæter rett ut, at følgjene av sparetiltaka kjem til å bli dramatiske for regionen. Det mest oppsiktsvekkande er tiltaka ein ser for seg ved ambulansestasjonane i Sunndal, Surnadal, Ulstein og Vanylven. Der er forslaget mellom anna å gjere døgnvakta for ein av dei to bilane om til dagvakt for å spare pengar, og i Vanylven er forslaget å fjerne den eine dagbilen.

– Det er sjokkerande at det kan bli fremja slike forslag som kan øydeleggje beredskapen i distrikts-Noreg og spesielt i vårt område, seier Riise.

– Det er heilt uhaldbart. I mine auge vil eit slikt forslag vil koste liv viss det vert gjennomført, legg han til.

– Bør stille plassane sine til disposisjon

Administrasjonen vedgår at den totale beredskapen blir kraftig svekka dersom styret vedtar sparetiltaka. Men målet er økonomisk balanse – og tiltaka må gjennomførast i samarbeid med dei råka kommunane, heiter det i tilrådinga frå administrasjonen.

Riise meiner styret i Ambulanse Midt-Norge umogleg kan vedta ein sparepakke med så store konsekvensar.

– Styret må stille sine plassar til disposisjon om dei har tenkt å gjennomføre dette. For dette må opp eitt nivå i Helse-Midt-Noreg, seier han.


SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL