Alle bileigarars mareritt blei verkeleg for 50 kundar som sist veke skulle fylle diesel. For ut frå pumpene på Circle K i Molde kom det berre bensin.
Men utan at bilistane visste det.
Dermed blei dieselbilane pumpa fulle med feil drivstoff. Mads Nerland Eriksen er ein av bileigarane.
– Eigentleg skulle bilen havarere, men vi har ikkje merka nokon ting, seier han.
For bilen har, merkeleg nok, gått som ei klokke med blandinga av diesel og bensin.
Mads Nerland Eriksen køyrer Tesla for tida. Han lengtar etter dieselbilen sin, som er på reparasjon.
Foto: privatKøyrde lange avstandar med feil drivstoff
Det var kona hans som fylte full tank sist veke. Etterpå skrudde ho på tanklokket og familien køyrde av garde som om ingenting hadde skjedd, i over 30 mil.
– Vi har vore både til Kristiansund og Ålesund utan problem, seier Eriksen.
Han er sikker på at det må ha vore igjen noko diesel på tanken, sidan bilen gjekk som aldri før. Men måndag fekk han beskjed frå Circle K om fadesen, og med beskjed om at bilen må på reparasjon.
Det var Romsdals Budstikke som skreiv om saka først.
Det sto «diesel» på pumpa, men kom bensin ut av tuten. Dei 50 bilistane som fekk feil drivstoff, får no erstatning og beklaging.
Foto: PrivatFeil drivstoff på ambulanse
Kjetil Foyn, som er leiar for berekraft og kommunikasjon i Circle K Noreg AS seier det har skjedd ei svært beklageleg feilfylling.
– Vi oppdaga feilen sjølv, men då hadde dessverre 50 kundar rukke å fylle frå denne pumpa, skriv han i ein e-post.
Ein av dei som har fått feil drivstoff er ein ambulanse. Rundt halvparten av dei 50 bilane var i privat eige, resten firmakundar.
Han seier at alle er kontakta og at alle kostnader til reparasjonar og leigebil blir dekt.
Kjetil Foyn i Circle K Noreg AS beklagar det som har skjedd.
Foto: Circle KÅtvarar mot feil drivstoff
NAF åtvarar mot å i det heile tatt starte bilen, dersom ein har fått feil drivstoff på tanken. Bilorganisasjonen åtvarar om reparasjonar i 70.000-kronersklassen, om det skulle skje.
Eriksen og familien har no fått ein Tesla til låns, medan Skodaen blir undersøkt og eventuelt reparert. Han gler seg til å få tilbake gamlebilen.
– Det er ein feil som har skjedd, det kan skje med alle. Eg tek det ikkje så tungt, seier eigaren av ein dieseldriven Skoda Octavia.