Hopp til innhold

16-åring tiltalt for å ha tatt kvelartak på læraren

Ein tenåringsgut frå Nordmøre er tiltalt for å ha tatt kvelartak på læraren sin. No kjem saka opp for retten.

Romsdal tingrett

Ein tenåring må svare for seg i Romsdal tingrett i midten av mars. Han er tiltalt for å ha tatt kvelartak på læraren sin.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Det er statsadvokaten i Møre og Romsdal som har tatt ut tiltalen mot den no 17 år gamle guten.

I februar i fjor skal han ha angripe læraren sin medan ho underviste og tatt kvelartak på henne.

Øyvind Panzer Iversen, som representerer guten, seier han nettopp har fått vite at han er oppnemnd som forsvarar, og difor ikkje har snakka med klienten sin.

Det er Suzanne Molund som er aktor i saka. Ho vil ikkje kommentere saka, og viser til at tiltalen omfattar ein person med ung alder.

Det vil heller ikkje læraren. Også rektoren ved den aktuelle ungdomsskulen viser til teieplikta.

Saka skal opp i Romsdal tingrett 17. mars.