Hopp til innhold

Hevdar effekten av medisinar er dårleg

Den danske legen Peter Gøtzsche sa i retten onsdag at effekten av antipsykotiske medisinar er svært dårleg.
Han viser til internasjonal forsking og seier at medikamenta er giftige og har store biverknader.

Legen viser til at fagfolk hevdar at 70-80 prosent har effekt av medisiinane. Han hevdar dette er feil, og seier forskinga viser at berre ein av fem blir betre.

Gøtzche hevdar også at antipsykotiske medikament er populært hos dei tilsette fordi pasientane blir rolegare og lagar mindre støy.

Peter Gøtzche
Foto: Synnøve Hole / NRK