Hopp til innhold

Hareid vil heller ikkje anke Øvrelid-dommen

Under formannskapsmøtet i Hareid i kveld vart det bestemt at heller ikkje Hareid kommune ønskjer å anke dommen i Øvrelid-saka. Tidlegare på kvelden vedtok kommunestyret i Ulstein det same.

Hareid og Ulstein kommune blei i Frostating lagmannsrett dømt til å betale erstatning på til saman rundt fire millionar kroner til dei to yngste Øvrelid-søskena. Søskena får erstatning for at kommunen ikkje greip nok inn då dei blei mishandla som barn. Dei tre andre søskena fekk ikkje erstatning.

Advokatane for dei tre som ikkje får erstatning har varsla at dei vil anke.