Hopp til innhold

-Vi kan ikkje bruke millionar på å lokke turistane hit og deretter jage dei

Drivaren av Håholmen Havstuer, Stian Røsand, meiner at søppel og septik ikkje er noko problem på Atlanterhavsvegen.

Atlanterhavsvegen
Foto: Herskedal, Kjell / SCANPIX

-Vi kan ikkje bruke millionar på å lokke turistane hit, og så jage dei når dei kjem, seier verbestyrar av Håholmen havstuer, Stian Røsand. Han meiner det er bak mål å bruke så mykje pengar på marknadsføring, dersom turistane ikkje skal få bu her.

Vil ha forbod

Kolbjørn Gaustad

VIL HA FORBOD: Fungerande ordførar i Eide kommune, Kolbjørn Gaustad vil forby bubilturistane å overnatte på Atlanterhavsvegen

Foto: Omar Sejnæs / NRK

Fungerande ordførar i Eide kommune, Kolbjørn Gaustad, vil derimot ha eit forbod mot at bubilturistar overnattar ved den nasjonale turistvegen, Atlanterhavsvegen.

Grunnen er at det ikkje finst skikkelege tømmestasjonar for bubiltoalett i området. Bubiltoalett skal dermed ha blitt tømt i naturen og i kioskområde.

Lite avføring

Men Røsand kjenner seg ikkje att i at Atlanterhavsvegen skal vere full av søppel og kloakk. Sjølv har han verken sett avføring eller søppel i år, som har vore ei utfordring tidlegare år.

Han ynskjer difor turistane velkomen til å overnatte.

Set opp skilt

Heller ikkje Statens vegvesen vil forby bubilane overnatting på Atlanterhavsvegen, men har sett opp skilt der dei oppmodar turistane om å bruke campingplassane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL