Hopp til innhold

- Ikkje endeleg nei til Havsul 2

Olje- og energidepartementet seier nei til Havsul 2, men statsråd Terje Riis-Johansen seier vent.

Terje Riis-Johansen
Foto: Andreas Sundby / NRK

I dag vart det klart at regjeringa gjev selskapet Vestavind Offshore løyve til å byggje inntil 78 vindmøller til havs på eit 49 kvadratkilometer stort område i havet utanfor Sandøy kommune.

Trur på Havsul 2

Planane om Havsul 2 utanfor Giske og Haram, har igjen fått nei frå

regjeringa. Havsul 2 AS er eigd av Tafjord Kraftproduksjon AS, Vestavind Kraft AS og Havgul AS.

Les også:

- Prosjektet har styrket sjansene

- Folket burde vært spurt

Knapt flertall for Havsul 2

Nei til Havsul 2

Administrerande direktør i Vestavind Kraft AS, Håkon Sandvik, er skuffa over regjeringa sitt vedtak, men har tru på at også Havsul 2 kan få klarsignal.

- Eg oppfattar det Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen seier som at her vil ein ha meir erfaring før ein tek stilling til Havsul 2, så ein har ikkje avslått det, men ein har lagt det på vent.

Ikkje fare for skrinlegging

Terje Riis-Johansen heldt i ettermiddag ein pressekonferanse i Ålesund for å informere om dei vedtaka regjeringa har gjort når det gjeld Havsul 1 og Havsul 2.

- Vi seier ja til Havsul 1, men eit førebels nei til Havsul 2. Det er fornuftig å ta eitt steg om gongen. Havsul 1 vert eit pionerprosjekt, som vi vil lære mykje av når prosjektet går vidare, sa Riis-Johansen.

Håkon Sandvik seier likevel at det ikkje er noko fare for at Havsul 2 kan verte skrinlagd i mellomtida.

- Det er det ikkje nokon grunn til å tru no. Dette er eit prosjekt vi har tru på, men det er riktig at dersom ein skal hauste erfaringar frå Havsul 1 først, så går det nok ein del tid, ja.