I dag er temaet oppe i Ålesund der ekspedisjonssjef Arni Hole gir bakgrunn for regjeringa sitt syn slik det kjem fram i forslaget til statsbudsjett.
- Vi ønskjer å mobilisere til debatt om balansen mellom familieliv og arbeidsliv, seier Hole.
Målet er å utfordre næringsliv, kommuner og KS for å sjå på korleis balansen kan bli betre.
- Vi vil skape eit familie- og arbeidsliv der begge kjønn finn seg til rette og der begge kjønn kan bli høgproduktive. Det er som kjent ikkje berre kvinner som får barn, men også menn, seier Hole.
- Vi har no ei støtteordning for foreldre som går over eit års tid, med ein fedrekvote til far, og vi er veldig spent på korleis situasjonen er rundtom i landet: Kven tar ut mest av foreldrepengane og korleis fiksar ein dette her?
Bodskapen er at regjeringa har dette svært høgt på sin dagsorden.
I budsjettet som no er lagt fram no blir det endå ei veke med foreldrepengeordning, med tolv veker til far som mor ikkje kan ta ut - frå neste år.
- Dette seier noko om kor langt vi har kome i Noreg, kansje lengst i verda, i høve til å gi moglegheiter til alle talent og til alle uansett kjønn.
Hole trur det er viktig at arbeidslivet og næringslivet ser at dei må rekruttere dei beste, rekruttere frå begge kjønn, og ikkje berre frå den eine halvdelen av befolkninga.
Departementet samarbeider med KS, NAV, YS, NHO og LO. Lokale arbeidsgrupper førebur konferansane.
- For å ta stemninga i forsamlinga brukar vi mentometerknappar og stemmer over forskjellige tema. Til dømes spørsmålet: Bør far i større grad bli akseptert som forelder på arbeidsplassen.