- Det vi har sett på er kva som kan skje her i framtida om denne leirsleppa som vi har kartlagt får lov til å svelle og bli svekka ytterlegare, seier geologen som har arbeidd med
(NGI).- Det er den situasjonen vi har laga ein plan for å sikre i mot, slik at ikkje det same skjer bak nummer 29, som bak 31, seier han om vegen.
Moglege tiltak
Tore Valstad seier han er trygg på at alle tiltaka dei no tilrår er moglege å gjennomføre.
- Vi er overbeviste om at det er mogleg å få til. Vi kan sette så mykje krefter inn i dette fjellmassivet at det står støtt, det er vi overbeviste om.
Tiltaka som dei no set i verk går på å sette inn kabel-anker i fjellet. Desse skal gå 12 meter inn i berget, og sikre at ikkje meir av massivet glir ut. Desse skal kome både bak Fjelltunvegen 29, 31 og 33.
Fjelltunvegen 29:
- Bør undersøke meir
Utover det området har ikkje rapporten sett, og Valstad vil difor ikkje uttale seg om meir må sikrast.
- Eg skal ikkje uttale meg om anna i Ålesund enn det vi har sett på i rapporten, seier han.
- Men det er klart at der hus er bygde i skjeringar, anten skjeringane er sprengde ut for huset, eller om husa står i gamle steinbrot, så burde ein nok sjå på korleis det ser ut bak huset og gjere tiltak.
- Det veit eg at mange huseigarar har sett i gang undersøkingar på etter Fjelltun-ulukka, fortel han.