Hopp til innhold

- Ein tragedie for bransjen

- Det er ein tragedie at ein nok ein gong får sjå bilde av skadde og sjuke pelsdyr i norske farmar.

Video b117e6e2-1dbe-42f3-b753-0eca3b157d77.jpg

Pelsdyroppdrettarar tek avstand frå dyremishandling

Det meiner reveoppdrettar Steinar Norang i Ørsta.

Han seier bilda som i går vart viste på Dagsrevyen er skremande.

Miljøet i Ørsta er den største samlinga av pelsdyrgardar i landet, og Norang seier dette er negativt for bransjen.

- Det er heilt forferdeleg at dyra lir. Det høyrer ikkje heime nokon stad. Det er ein tragedie for dyra, for eigarane, for alle saman, seier Norang.

Pelsdyr i fangenskap mangler ben
Foto: Nettverk for dyrs frihet/Dyrebeskyttelsen

- Trekk støtta

I går viste mellom anna Dagsrevyen bilde frå undersøkingar som Dyrebeskyttelsen og organisasjonen "Nettverk for dyrs frihet" har offentleggjort.

Dei to har undersøkt 39 pelsgardar i år, og krever etter funna at regjeringa trekk støtta til næringa.

- Spesielt med tanke på at landbruksministeren har gått ut veldig hardt og gitt dei strenge krav, seier pressesekretær Per Arne Tøllefsen i "Nettverk for dyrs frihet".

- Det er jo betenkeleg at vi klarer å vise slike bilete tre år på rad, seier Tøllefsen.

Nordmøre og Sunnmøre

Organisasjonane har offentleggjort både fotografi og video av det dei seier er tre pelsdyrgardar på Nordmøre, og ein på Sunnmøre.

I Norangsdalen er Steinar Norang sjokkert over den måten enkelte driv pelsdyroppdrett.

- For å seie det kort og brutalt: Slike bilete som vi har sett her, er ikkje noko salsvare, seier Norang.

Usamde om konsekvensane

Politikarane på Mørebenken er samde om at bileta frå pelsdyrnæringa er forferdelege, men konsekvensane er dei usamde om.

Medan nokre av politikarane vil fjerne all støtte til næringa, er det motstand mot ei slik kollektiv straff i andre parti.

- Den statlege tilskotet til å drive næringa bør utgå, seier Harald Nesvik frå Framstegspartiet.

- Eg er ikkje samd i at heile næring skal straffast kollektivt fordi enkelte bryt med det som er etisk riktig å gjere, seier Elisabeth Nørve frå Høgre.

- Straff dei som bryt reglane, sier Rigmor Andersen Eide frå KrF som meiner det er feil å ramme heile næringa.

Jenny Klinge frå regjeringspartiet Senterpartiet trur på kontrollar.

- Mattilsynet må for det første ha gode kontrollar. For det andre må næringa sjølve ta fatt i det her og bli kvitt verstingane, seier Klinge.