Hopp til innhold

Tipp tre rette i MGP i Larvik

Klarer du å gjette kven av artistane som spelar i Larvik som kjem til å vinne på laurdag? Gjettar du riktig alle tre kan du stikke av med MGP-CD og billettar til finalen.

Logo MGP 2013

GJETT: Gjett kven dei tre som går vidare frå Larvik på laurdag er, og vinn billett til finalen og MGP-cd.

Foto: NRK

Er du klarsynt eller berre kjenner det i ryggmargen kven som kjem vidare frå delfinalen i Larvik?

Dersom du tippar riktig kan du vere den heldige vinnaren av årets Melodi Grand Prix-CD og billettar til den store finalen i Oslo Spektrum.

Send inn ditt forslag

I den første delfinalen i Steinkjer var det Gromth feat Emil Solli-Tangen, Datarock og Vidar Busk som gjekk vidare.

Førre laurdag gjekk Margaret Berger, Fjellfolk og Annsofi vidare frå delfinalen i Florø. Mange som deltok i chatten hadde klåre meiningar om kven som kom til å kome vidare, men først no kan ein vinne premiar for å gjette riktig.

Gjett heilt fram til laurdag

Om du får ei openberring, eller berre har lyst til å gjette på kven som går vidare frå delfinalen etter å ha sett kven dei sju artistane er, kan du sende inn ditt forslag til tre vinnarar til mgp@nrk.no. Hugs å skriv "Larvik-konkurranse" i emnefeltet i mailen.

Du kan sende inn ditt bidrag heilt fram til sendinga startar på NRK1 laurdag klokka 19.55.

Undervegs i sendinga kan du også vere med og diskutere artistane i vår direkte-chat.