Hopp til innhold

Slik stemmer du i MGP-finalen

Laurdag er det finale i Melodi Grand Prix. Ni finalistar kjempar om billetten til København og Eurovision Song Contest.

Finaleartistene, MGP 2014

Desse ni artistane konkurrerer om seier i MGP-finalen 2014.

Foto: Tom Øverlie / NRK

Det er finale i Melodi Grand Prix 2014. Ni artistar har kome seg vidare frå semifinalane og er no klare for den store finalen i Oslo Spektrum.

Du kan stemme på alle ni låtane frå programmet startar, og fram til programleiarane gir beskjed om at avstemminga er avslutta. Du kan stemme via sms og det kostar 5 kroner å stemme. Send nummer på låten til 26 600, utan kodeord.

Det kan ikkje stemmast frå utlandet, eller med utanlandsk nummer i Noreg.

Gjekk du glipp av semifinalene? Sjå fyrste, andre og tredje semifinale i nett-TV.

Disse artistane opptrer i finalen:

Melodi 1: El Cuero – «Ain’t No Love (in This City No More)»
Melodi: Brynjar Takle Ohr og B.L. Rolland
Tekst: Brynjar Takle Ohr, Øyvind Blomstrøm og Håvard Takle Ohr
Send sms «1» til 26 600. 5 kr per stemme

Melodi 2: Elisabeth Carew – «Sole Survivor»
Tekst/melodi: Elisabeth Carew, David Eriksen, Simon Climie, Mats Skåre Lie
Send sms «2» til 26 600. 5 kr per stemme

Melodi 3: Knut Kippersund Nesdal – «Taste of You»
Melodi: Magnus Hængsle og Jenny Moe
Tekst: Jenny Moe
Send sms «3» til 26 600. 5 kr per stemme

Melodi 4: Dina Misund – «Needs»
Melodi: Dina Misund
Tekst: Frode Bjørgmo Strømvik
Send sms «4» til 26 600. 5 kr per stemme

Melodi 5: Mo – «Heal»
Tekst/melodi: Laila Samuelsen
Send sms «5» til 26 600. 5 kr per stemme

Melodi 6: Linnea Dale – «High Hopes»
Tekst/melodi: Linnea Dale og Kim Bergseth
Send sms «6» til 26 600. 5 kr per stemme

Melodi 7: Charlie – «Hit Me Up»
Tekst/melodi: Melanie Fontana, Jon Asher, Lars Hustoft
Send sms «7» til 26 600. 5 kr per stemme

Melodi 8: Carl Espen – «Silent Storm»
Tekst/melodi: Josefin Winther
Send sms «8» til 26 600. 5 kr per stemme

Melodi 9: Oda & Wulff – «Sing»
Tekst/melodi: Christer Wulff
Send sms «9» til 26 600. 5 kr per stemme

Treng du stemmeskjema finn du det her.

Finalen startar klokka 19:55 på NRK1. Den er todelt og har 40 minutts pause før andre del startar klokka 21:35.

Dei fire av finalistane som får flest stemmer går vidare til gullfinalen og får spele låten sin ein gong til, før vinnaren av Melodi Grand Prix 2014 vert kåra.