NRK Meny

Synger om gjenbruk i Stokstad sin gamle MGP-kjole

Dina Misund får applaus frå Jenny Skavlan for å gjenbruke Marte Stokstad sin gamle MGP-kjole. – Ein må tenke nytt, og gjenvinning bidrar til eit betre miljø, seier kostymedesignar Liv Heidi Lindstrøm Moura.

Jenny Skavlan og Dina Misund

Dina Misund deltek i Melodi Grand Prix med kjolen til den førre MGP-programleiaren. Her er årets programleiar Jenny Skavlan innom og kikkar på den omsydde kjolen.

Foto: Christian Wiik Gjerde / NRK

Artikkelen er flere år gammel.

Den 7. mars står Dina Misund på scenen i Folketeateret for å framføre låten «Needs». Den handlar om samfunnet sitt materialistiske fokus. Då NRK sin kostymedesignar skulle ordne kostyme til Dina falt valet difor på å sy om ein kjole frå NRK sitt kostymelager.

– Paljettar? Aldri i livet, sa Dina til Byavisa i Trondheim då ho vart intervjua om korleis ho kom til å bli sjåande ut på scenen under MGP.

Kostymedesigner Liv Heidi Lindstrøm Moura hadde andre planar. Ho hadde leita seg gjennom kostymelageret og enda opp med ein svart fortsid paljettkjole som Marte Stokstad tidlegare har nytta då ho var programleiar for Melodi Grand Prix i 2012.

– Denne paljettkjolen er min favoritt. Den er heilt fantastisk. Du får ikkje seie nei, før du har prøvd den, seier Liv Heidi.

Kjolen som Liv Heidi plukka ut var ikkje heilt overeins med det Dina hadde tenkt seg, men då kjolen kom på, vart artisten heilt einig.

– Den blei kjempefin. Og det beste er at den er med på å få fram bodskapen i låten, seier Dina Misund.

Høyr «Needs» her:

(Artikkelen fortset under bilete)

Marte Stokstad og Dina Misund

Marte Stokstad brukte kjolen i 2012 då ho sende Tooji til den internasjonale finalen i Baku. No skal Dina Misund bruke kjolen når ho opptrer med låten «Needs» i Folketeateret 7. mars.

Foto: Collage: Hege Bakken Rise/Christian Wiik Gjerde/NRK

– Ikkje rom for slappe ryggvirvlar

Marte Stokstad er glad for at kjolen får eit nytt liv i Melodi Grand Prix.

– Det er fint at MGP bruker ting som ein har liggande. Eg har sjølv pimpa opp gamle kjolar som eg har brukt som programleiar. Det er så mange flinke folk på NRK som kan sy, som saman med kostymedesignarar klarar å lage noko nytt og spanande ut av ting som er nytta før.

Den svarte paljettkjolen var spesialsydd til Stokstad, og ho minnast den som ein kroppsnær kjole.

– Ein får ein ærverdig positur i den kjolen. Det er ikkje rom for slappe ryggvirvlar. Ein får rett og slett litt autoritet av å gå i den, seier Marte Stokstad.

Liv Heidi Lindstrøm Moura

– Det er viktig å tenke miljø og framtid også når vi handlar klede, seier kostymedesigner Liv Heidi Lindstrøm Moura.

Foto: Christian Wiik Gjerde / NRK

Kostymedesignar Liv Heidi Lindstrøm Moura har store planar når det gjeld kjolen. Den skal få eit røffare uttrykk med frynser som skal syast på ermane. Frynser er ifølge Liv Heidi veldig moderne i år. I tillegg skal Dina ha på seg nokre handsydde boots.

– Ein må tenke nytt, og gjenvinning er absolutt med på å bidra til eit betre miljø. Visste du forresten at ein treng 2600 liter vatn for å produsere ei t-skjorte i bomull? skyt Liv Heidi inn, og påpeikar at ho nettopp har vore på seminar om framtida innan tekstilindustrien.

Redesign treng ikkje vere retro

Liv Heidi er oppteken av at ein må tenke kvalitet framfor kvantitet når ein handlar. Kleder som ein ikkje lenger bruker på grunn av feil snitt og volum, kan ein sy om.

– Det enklaste knepet i boka er å klippe kjolen, skjørtet eller kåpa kortare, seier ho.

Redesign handlar ikkje berre om å sy om ein brukt 60-tals kjole. Det handlar meir om å gjere om på ting ein har frå før, forklarer ho.

– Det er fult muleg å sy om ting som berre er nokre år gamle, slik som denne kjolen til Marte Stokstad. Eg synest vi kan tenke meir på å bruke det ein har og gjere om på det. Sjå for deg den altfor dyre nyttårskjolen du kjøpte i fjor. Kva med å strippe den for pynt og fjas, klippe den knekort og fjerne dei lange ermane? På den måten kan du få ein kvardagskjole som er meir brukarvenleg.

Jenny gir tommel opp

Jenny Skavlan og Dina Misund

Jenny Skavlan synest det er bra at NRK vel å sy om kjolar som dei har liggande i kostymelageret.

Foto: Christian Wiik Gjerde / NRK

Årets MGP-programleiar Jenny Skavlan er oppteken av redesign og har i lengre tid jobba tett med Fretex. Ho har også gitt ut to bøker som handlar om å sy om klede. Då ho var programleiar i fjor stod ho sjølv på scenen med fleire omsydde plagg, difor måtte ho sjølvsagt ta ein ekstra kikk innom kostymerommet då Dina var der.

– Wow, så nydeleg du er. Så kult at det er litt Grand Prix over kjolen, samtidig som at den har countrypreg med frynsene og bootsa.

– Det er fint å av og til kunne gå i slike kjolar som roper; «Her kommer jeg». Ein må liksom rette seg opp litt i ryggen.

Jenny er entusiastisk over valet med å sy om ein brukt kjole.

– Dette er det beste eg veit, og så passer det jo så fint med temaet til låten. Kvifor ikkje sy om når ein har denne flotte kjolen på huset. Kjolen har eit heilt anna uttrykk no enn då Marte brukte den i 2012.

Korleis resultatet blei, får du sjå i sin heilskap når Dina framfører «Needs» i den fyrste semifinalen, 7. mars i Folketeateret.

Rundt 200 millioner mennesker er samlet foran TV-skjermen når verdens største musikkshow sendes direkte fra Kiev i Ukraina. 26 land har kvalifisert seg gjennom to semifinaler, og møter forhåndskvalifiserte Storbritannia, Tyskland, Spania, Italia, Frankrike og vertslandet Ukraina. Norske kommentarer ved Olav Viksmo Slettan.
Laster innhold, vennligst vent..
Laster Twitter-innhold