Hopp til innhold

Fyrste semifinale: Slik stemmer du

Den fyrste av tre semifinalar går av stabelen fredag kveld på NRK1 kl 20.05. Her kan du sjå korleis du avgir di stemme til din favorittartist.

Artistene i 1. semifinale

Artistane i 1. semifinale frå venstre: Linnea Dale, Dina Misund, Mo, TIMBRE beståande av Ida Stein, Anders Grindheim Bratteru, Frikk Heide-steen og Hilda & Thea Leora.

Foto: Kim Erlandsen / NRK

Under fredagens finale i Melodi Grand Prix skal tre av fem artistar stemmast fram til den store finalen i Oslo Spektrum neste helg, laurdag 15. mars.

Du kan stemme på alle fem låtane frå programmet startar, og fram til programleiarane gir beskjed om at avstemminga er avslutta.

Det kostar 5 kroner å stemme, og du stemmer ved å sende nummer på låt på SMS til 26 600, utan kodeord.

Det kan ikkje stemmast frå utlandet.

Semifinale 1: Fredag 7. mars


Melodi 1: Hilda & Thea Leora – «Best Friend's Boyfriend»
Tekst/melodi: Martin Kleveland, Lisa Desmond Linder og Jesper Jakobsen.
Send sms «1» til 26 600. 5 kr per stemme.


Melodi 2: Mo – «Heal»
Tekst/melodi: Laila Samuelsen
Send sms «2» til 26 600. 5 kr per stemme


Melodi 3: Dina Misund – «Needs»
Melodi: Dina Misund
Tekst: Frode Bjørgmo Strømvik
Send sms «3» til 26 600. 5 kr per stemme


Melodi 4: Linnea Dale – «High Hopes»
Tekst/melodi: Linnea Dale og Kim Bergseth
Send sms «4» til 26 600. 5 kr per stemme


Melodi 5: TIMBRE & Frikk Heide-Steen feat. Ida Stein – «Frozen By Your Love»
Tekst/melodi: Anders Bratterud, Andrew «Bullly» Bullimore og Ida Stein.
Send sms «5» til 26 600. 5 kr per stemme

Sendinga ser du på NRK1 klokka 20.05.

Treng du stemmeskjema til kveldens semifinale kan du laste det ned her.