Hopp til innhold

Her må du betale mest for å bu i Skandinavia

Trass i ein prisnedgang, er Oslo framleis den dyraste hovudstaden i Skandinavia å kjøpe seg leilegheit i.

Bjørvika

Oslo er dyraste hovudstad i Skandinavia. Illustrasjonsfoto.

Foto: Dina Johnsen / NRK

I København er prisane 34 prosent lågare enn i Oslo. Å kjøpe ei leilegheit i Stockholm er 10 prosent billigare.

Las Olsen

Sjeføkonom Las Olsen i Danske Bank er ikkje overraska over at Norge er dyrast i Skandinavia.

– Dette skuldast at Norge er eit rikare land, seier sjeføkonom i Danske Bank Las Olsen.

Christan Dreyer i Eiendom Norge understrekar at dette ikkje er noko å juble over. Mange nordmenn har ei veldig høg gjeld, og difor hadde det vore ønskeleg at prisoppgangen på bustader hadde vore meir dempa.

– Vi har ei høg kjøpekraft, og det har vore stor etterspurnad og mangel på tilbod i Oslo, forklar Dreyer.

Krise i Danmark

København havn

København er i ferd med å reise seg etter at bustadmarknaden nærast kollapsa under finanskrisa.

Foto: dr.dk

På starten av 2000-talet trona København på toppen av statistikken, men finanskrisa gjorde at bustadprisane nærast kollapsa.

Ei stund var det faktisk dobbelt så dyrt å kjøpe leilegheit i Oslo som i København, syner tal frå Bjørn-Erik Øye i Prognosesenteret.

– I Danmark har krisa vore svært djup, seier Las Olsen i Danske Bank. Eit anna moment som har bidratt til låge prisar, har vore svært god plass i København til å bygge nytt, sjølv i dei beste havneområda.

Stockholm har også tradisjonelt sett vore dyrare enn Oslo, men etter mange heftige bodrundar i den norske hovudstaden i 2016, gjekk Oslo heilt til topps i Skandinavia.

Oslo kan auke forspranget

Stockholm gamla stan

Leilegheitene i Stockholm er gjennomsnittleg 10 prosent billigare enn i Oslo.

Foto: Ricardo Ramírez Gisbert / CC BY 2.0

– Eg trur at København og Stockholm i år vil komme tettare på kvarandre i pris. Men ser vi eit par år fram i tid er det nok risiko for eit nytt fall i København, seier Olsen.

Bustadprisar i dei største byane i Skandinavia

By

Leilegheit pr m2

Hus pr m2

Oslo

77.438

68.960

Stockholm

69.535

-

København

50.995

42.754

Bergen

47.550

43.948

Gøteborg

47.327

-

Aarhus

39.217

26.484

*Tale er henta frå Danske Bank og oppgitt i norske kroner.

Årsaka til risiko for prisfall i København, er stor tilgang på nye leilegheiter i den danske hovudstaden. Og frå 2021 vil mange leilegheiter få høgare eigedomsskatt.

Bjørn-Erik Øye i Prognosesenteret meiner difor at Oslo kjem til å auke forspranget i åra som kjem.

Norden i Solgt påskespesial 2018

Kven er flinkast til å tippe bustadprisar av danske og norske meklarar? F.v.: Claus Drejer, Pernille Nørdgaard, Christian Deng (står bak), Frode Søreide, Cecilie Beckmann, Eivind Kalve

Foto: DR

– Vi forventa ein vekst på tre til fire prosent i dei kommande åra i Oslo.

I og med at den norske økonomien og kjøpekrafta i Norge er større enn hjå vore naboar, vil ei renteauke ha mindre å sei for norske huskjøparar.

– Vi må hugse på at ei renteauke er eit sunnheitsteikn og at arbeidsløysa då går ned. Men det er klart at det kan ha ein viss psykologisk effekt på bustadmarknaden, seier Øye.

Dei nest største byane, Bergen og Göteborg, er i ferd med å bli like dyre som den danske hovudstaden. Billigast er det i Aarhus.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)