Édouard Lous
Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Skriv om eigen valdtekt

Nesten 90 prosent av alle som opplever valdtekt i Noreg vel å ikkje melde frå til politiet. Den største angeren til forfattaren Édouard Louis er at han meldte frå om si.

Édouard Louis møtte marokkanaren «Reda» på Place de la République i Paris, julaftan 2012. Édouard var på veg heim frå juleselskap, han var trøytt, men «Reda» klarte likevel å overtale han til å få bli med han heim. Nokre timar seinare var mobiltelefonen til Édouard vekke. Han konfronterte marokkanaren som svarte med å stramme eit skjerf rundt halsen hans, true han med pistol og til slutt valdta han.

Ikkje lenge etter sat Édouard seg ned for å skrive, og tre år seinare kom boka «Voldens historie» ut i Frankrike.

– Eg skreiv boka for å hemne meg på alle som hadde stelt historia mi frå meg, og gjort den til ei anna. Då eg gjekk for å melde saka til politiet gjorde dei den om til ei rasistisk historie – om immigranten som angreip den stakkars blonde mannen, seier Louis.

Eg møter Edouard Louis på Litteraturhuset i Oslo. Alle vil ha ein bit av den 23 år gamle franske forfattaren som har blitt verdsstjerne etter at han kom ut med den sjølvbiografiske debutromanen «Farvel til Eddy Bellegueule» i 2014. No er han på turné i Noreg for å snakke om korleis vald kan oppstå i samfunnet.

Valdtatt gjennom språket

Dagen etter valdtekta møtte Édouard to av venane sine på kafé Le Sélect i Paris. Dei oppmoda venen sin til å gå til politiet med ein gong, men han nekta. «Men du må melde det», sa venane. «Det er viktig». «Viktig for kven», spurte Édouard tilbake.

– Først får du kjenne valdtekta på kroppen, så blir du tvinga til å kjenne den gjennom språket, og må snakke om den igjen og igjen og igjen, seier Édouard.

I Noreg vel ni av ti som opplever valdtekt å ikkje melde saka til politiet. Kva tenkjer du om det?

– Eg skjønar godt kvifor folk er redd for å gå til politiet. Du opplevde denne forferdelege valden. Du ville ikkje oppleve den, du ba ikkje om den, men likevel blir du tvinga til å gjere den til midtpunkt i livet ditt. Du må repetere den i fleire månadar, kanskje år, og gjere den til ein del av identiteten din.

... de var ikke lenger de to menneskene som hadde reddet livet mitt så mange ganger, de var ikke lenger det, og jeg tenkte: De er som Reda. De er Reda. Hvis Reda er navnet på den stunden da du opplevde det du ikke ville oppleve, hvis Reda er navnet på berøvelsen, på tausheten, på ditt fravær, navnet på det øyeblikket da du måtte gjøre det du ikke hadde lyst til å gjøre, da du måtte gå igjennom det du ikke hadde lyst til å gå igjennom, være det du ikke hadde lyst til å være...

Édouard Louis / Utdrag fra «Voldens Historie»

– I boka går du så langt som å samanlikne venane dine med valdtektsmannen?

– Dei pressa meg til å gjere noko med kroppen min som eg ikkje ville. Dei pressa meg til å flytte kroppen min til politistasjonen. Rettssystemet brukar kroppane våre sjølv om vi ikkje vil. Det er eit valdeleg system, seier Édouard Louis.

Forsvarte gjerningsmannen

Édouard Louis gav til slutt etter for presset og vart med venane ned til politistasjonen. Han vart dratt inn i lange avhør, han måtte til legen for grundige undersøkingar av endetarmen og fekk leilegheita finkjemma for biologiske spor.

– Politiet gjorde historia mi til ei rasistisk historie. For dei var ikkje nordafrikansk utsjånad eit uttrykk for geografisk opphav, men synonymt med kjeltring, slyngel og forbrytar, seier Édouard.

– I boka kan det verke som du nesten forsvarar gjerningsmannen?

– Sannleiken om ein situasjon er ikkje i situasjonen, den er mykje større. Eg prøvar berre å forstå korleis vald kan oppstå. Då eg konfronterte «Reda» med at han hadde tatt telefonen min høyrde ikkje han berre meg, men heile den rasistiske historia til eit land der immigrantar har blitt sett på som tjuvar og kjeltringar, fortset Édouard.

For seint å snu

Etter kvart i avhøyra bestemde den franske forfattaren seg for å trekke meldinga. Han likte ikkje måten politiet stal historia frå han. Han ville berre tilgi valdtektsmannen, og kome seg ut av politistasjonen. Men då var det for seint for Édouard å snu.

Edouard Louis: Voldens historie

– Eg skreiv boka for å kunne plassere mi eiga historie i eit større narrativ. Vi ser valden over alt rundt oss, men likevel snakkar vi ikkje om den, seier Édouard Louis.

– Dei fortalte meg at historia ikkje lenger høyrte til meg. No var det opp til rettssystemet å avgjere. Eg vil ikkje vere normativ og seie at alle berre bør tilgi alt. Tilgi er eit vakkert ord, men det kan også vere problematisk fordi…

Édouardo Louis avbryt seg sjølv og tenkjer i fleire sekund før han fortset:

– Nei, veit du kva? Tilgi er eit vakkert ord. Eg likar det, seier han og smiler.

Men kva om det skulle skje igjen?

– Når begynte vi å dømme kvarandre gjennom ein virtuell realitet? Vi kan ikkje straffe nokon for noko som ikkje har skjedd. Då lev vi i eit helvetes skremmande system, svarar Édouard med heva stemme.

– Valden smittar

Psykiater Finn Skårderud har vore involvert i fleire valdtektssaker, og då eg ringer han er han midt i eit kurs der han blant anna underviser om traume etter valdtekt. Sjølv har han møtt Édouard Louis fleire gongar, sist i Paris som skribent for Aftenposten tidlegare i år.

– Eg har nettopp vore gjennom ei valdtektssak som sakkyndig vitne. Før vi meldte saka til politiet brukte eg ein heil time med pasienten og advokaten for å gå gjennom fordeler og ulemper med å melde saka til politiet, seier Skårderud.

Kva tenkjer du om Édouard Louis si oppleving med å melde saka?

– Han vart pressa av venane til å melde, og opplevde at forteljinga ikkje lenger var hans. Overgrep handlar om å miste kontrollen over kropp og sinn, og i ei rettssak mistar ein den juridiske kontrollen. Valden smittar over i rettssystemet.

Finn Skårderud

– Boka er eit viktig bidrag til å forstå den enorme kompleksiteten i det å vere utsatt for noko valdeleg, seier psykiater Finn Skårderud om romanen «Voldens historie».

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Finn Skårderud har hatt fleire pasientar som har blitt utsatt for alvorlege overgrep, og seier at han kan kjenne igjen problemstillingane i boka «Voldens historie».

– Boka viser den posttraumatiske forvirringa etter eit overgrep. Offeret opplever at han ikkje orkar å ta i historia, samtidig som han blir besett av den. Du vil hugse, og samtidig vil du gløyme. Som forfattar og sosiolog seier Louis noko om risikoen for retraumatisering, og då seier eg: Les denne romanen!

Skårderud vil likevel av prinsipielle grunnar aldri anbefale klientar å ikkje melde valdtekt.

– Det er viktig at vi løftar fram eit alvorleg og valdeleg tema, og slåst for at menneske skal bli respektert. Om eg anbefaler å ikkje melde, legitimerer eg jo valdtektsforbrytaren. Det er som å seie: Gløym det kvinner, la mennene herje! konkluderer Finn Skårderud.

Men Édouardo Louis er ikkje ei kvinne, han er ein mann.

Maskulin dominans

Édouard Louis

Edouard Louis framstår som ein smilande livsglad mann, men i det kameraet kjem fram får han brått ei meir alvorleg mine i ansiktet – det er trass alt valdtekt vi skal snakke om.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Édouard Louis opplevde at både politiet og legane hadde problem med å skulle møte eit mannleg valdtektsoffer.

– Det er rart å snakke om valdtekt frå eit mannleg perspektiv, og det utfordrar det klassiske narrativet med den maskuline dominansen. Som homofil mann har eg nok ei heilt anna oppleving av ei valdtekt enn ei kvinne, seier han.

Louis opplevde at den sterke emosjonelle reaksjonen lot vente på seg, og den unge franske forfattaren innrømmer at han måtte presse seg sjølv til å gråte, slik at politiet skulle tru på han.

– Når ein fortel om valdtekt er det alltid nokon som automatisk ikkje trur på deg. Eg hadde høyrt om dette frå filosofar som Simone de Beauvoir og Violette Leduc, men eg visste ikkje at det var så sant før eg opplevde det sjølv, seier Édouard Louis.

Kva skal til for at det skal bli mindre belastande å melde frå om valdtekt?

– Det burde vere mogleg å melde frå på vegne av andre, eller å kunne gjere det anonymt. Dette er allereie mogleg til ein viss grad i Frankrike, men det er ein lang og vanskeleg prosess og ikkje alltid mogleg. Når 90 % av valdtektene ikkje blir meldt frå om er det noko med systemet som er galt, konkluderer Édouard Louis.

Angrar på meldinga

I januar 2016, nokre få veker etter at boka «Voldens historie» kom ut i Frankrike, vart ein papirlaus marokkanar arrestert i Paris. Ein DNA-test viste seg å matche funn gjort i leilegheita til Édouard Louis i jula 2012. Mannen vart sikta for valdtekt og drapsforsøk.

– No veit eg at «Reda» hadde valdtatt fleire personar før meg. Då søstra mi og venane mine fortalte meg at «Reda» mest sannsynleg ikkje var det eigentlege namnet hans var det uuthaldeleg for meg å høyre. Eg trudde eg var ein liten del av hans historie, og då var det vanskeleg å høyre at eg hadde blitt lurt, seier Édouard.

– Det er som den franske filosofen Pascal sa det: Heile livet er ein kamp mot sannleiken vi allereie kjenner, filosoferer forfattaren vidare.

Ikkje lenge etter at marokkanaren vart arrestert gjekk han til saksmål mot Édouard Louis for å ha krenka privatlivet hans med å skrive om han i romanen sin. Han saksøkte Louis for 50 000 Euro, men saka vart avvist av domstolen. Likevel skulle Édouard Louis framleis ønskje at han kunne skru tida tilbake til første juledag 2012 og møtet med venane på kaféen i Paris.

– Eg vaknar opp kvar dag og tenkjer at nokon er i fengsel på grunn av meg. Min aller største anger i livet er at eg meldte valdtekta til politiet, seier Édouard Louis.