Kim Friele og Kronprinsesse Mette-Marit på Gol bibliotek.

Kim Friele og Kronprinsesse Mette-Marit på Gol bibliotek.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Kronprinsessa og outsiderane

– Å føle seg utanfor er også ein viktig del av den menneskelege erfaringa fordi den bringer oss nærmare kjernen i oss sjølv, seier kronprinsesse Mette-Marit.

– Det er ein måte å bli kjent med seg sjølv, seier kronprinsesse Mette-Marit som arrangerer sitt tredje Litteraturtog. Denne gongen går reisa med Bergensbanen for å vitje ulike bibliotek og møte både forfattarar og lesarar.

Kim Friele er hennar store forbilde og ein av gjestane på Litteraturtoget. I år har dei inviterte til felles at dei alle er opptekne av det å kjenne seg som ein outsider.

– Eg veit sjølv kva det betyr å føle seg heilt annleis frå ein er liten, å vere ute på bygda og skulle vakse opp utan forbilde å sjå opp til, seier kronprinsesse Mette-Marit.

«Sverige si litterære superstjerne»

Utanforskap har også vore eit sentralt tema for «Sverige si litterære superstjerne» som kronprinsessa titulerer den svenske forfattaren, Jonas Hassen Khemiri. Dei to samtala på Litteraturhuset i Bergen før ho starta reisa mot Oslo.

I 2013 skreiv Khemiri eit opent brev til justisministeren i Sverige, Beatrice Ask, der han tok opp behandlinga av innvandrarar og flyktningar i Sverige. Teksten skapte valdsamt engasjement blant svenskane og vart delt over 150 000 gongar på Facebook.

– Jobben min krev mykje einsemd, men eg elskar den meir enn alt, seier Jonas Hassen Khemiri.

– Eg er opptatt av det einsame steget forfattarar tar. Steget ein tar ut, for å kunne sjå inn i noko og skrive om det, svarar kronprinsesse Mette-Marit på spørsmål om kvifor ho valde utanforskap som årets tematikk.

Kronprinsesse Mette-Marit og Jonas Hassen Khemiri

Kronprinsesse Mette-Marit og forfattar Jonas Hassen Khemiri snakka om utanforskap på Litteraturhuset i Bergen, kvelden før Litteraturtoget starta reisa mot Oslo.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

– Eit forbilde

– Friele er eit stort forbilde for meg, fortalde kronprinsessa allereie før ho gjekk om bord på Litteraturtoget i Twitter-intervjuet med NRK Bok.

Kim Friele og Kronprinsesse Mette-Marit

– Kim Friele er eit stort forbilde for meg, fortalde kronprinsessa før ho gjekk om bord på Litteraturtoget i Bergen.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

– Eg har sånn respekt for livsvalet ho tok. Ho kunne valt eit heilt anna løp, ho kunne valt å ikkje vere eit sant menneske. Men ho tok den kampen på vegne av alle andre, seier kronprinsessa.

Den 81 år gamle forfattaren og aktivisten har gjennom eit langt liv jobba for homofile sine rettar.

– Det er ikkje alle som er like heldige som eg har vore. Det er rart at eg som var ein så alminneleg jenteunge ikkje ein gong tenkte meg om før eg buste ut av skapet. Eg var vel så naiv at eg trudde folk var like snille heime som utanfor heimen, seier Kim Friele.

Har du følt deg utanfor?

– Både og, særleg på slutten av 50-tallet og byrjinga av 60-tallet. Då vart det temmeleg taust. Det var ikkje godt å føle på. Men då var eg annleis, og i staden for å vente på at folk skulle kome på besøk, tok eg sjølv kontakt.

No har Friele kjempa homokampen i over 50 år. Då ho kom ut av skapet som ein av dei første i Noreg var homofili både straffbart og diagnostisert som ei sinnsliding.

– Ikkje berre negativt

– Å føle seg utanfor er også ein viktig del av den menneskelege erfaringa fordi den bringer oss nærmare kjernen i oss sjølv. Vi skal ikkje berre sjå på det som noko negativt, for ofte kjenner vi oss mest utanfor oss sjølve, seier Kronprinsesse Mette-Marit.

– Det trur eg er heilt riktig, tilføyer Friele.

– Eg var ikkje i skapet, eg var sanneleg i utan-for-skapet, bokstavleg talt. Då skjøna eg at dei eigenskapane som blir sett på av andre som problematiske, det er jo også eigenskapar eg sjølv kan bruke, seier Friele.

Noregs første homofile blir med Litteraturtoget til heimlege trakter og Gol bibliotek for å snakke med kronprinsessa og biograf Ola Henmo som kom ut med boka «Kampene. Et portrett av Kim Friele», i fjor.

Opna seg om far sin

Karl Ove Knausgård

– Då far min døde hadde eg mykje som var usagt. Knausgård skreiv om sin far, eg opplevde at han skreiv om min, fortalde Kronprinsesse Mette-Marit på reisa med Litteraturtoget i 2014.

Foto: Oddvin Aune, NRK

Det var på kronprinsessa si aller første reise med Litteraturtoget i 2014 at ho sjølv for første gong snakka openhjartig om forholdet til sin eigen far , og om korleis «Min Kamp»-bøkene til Karl Ove Knausgård fekk det til å kjennast ut som at det opna seg eit stort hol i brystet hennar.

I år skal ho snakke med forfattar og Knausgård sin forleggar, Geir Gulliksen, på siste stopp for turen på Litteraturhuset i Oslo. Og kronprinsessa legg ikkje skjul på beundringa ho har for forfattaren då ho svarer på spørsmål om kva litteratur ho vil anbefale.

– Geir Gulliksen.

Den siste boka?

– Alle. Gulliksen, Gulliksen, Gulliksen! seier kronprinsessa i ekstase.

Kvifor?

– Dei er så bra, dei er så godt skreve.

– I boka «Sjelens Amerika» avsluttar Karl Ove Knausgård med eit heilt essay om Gulliksen. Der seier han blant anna at forleggjaren hans har hjelpt han til å vere aleine, for også det treng ein hjelp til, seier kronprinsessa.

– Du må vere mykje aleine

Geir Gulliksen på Litteraturtoget

– Eg trur mange byrjar å skrive på grunn av ei slags utanforskapskjensle, men den blir ikkje borte, den blir berre verre med tida, seier Gulliksen til NRK på veg til Oslo i Litteraturtoget.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

– Reint praktisk i eit skrivande liv er det mange ting du ikkje kan gjere så mykje av, som prat i oppgangen, på gata, på jobben, familieselskap, alt som bind oss saman, seier Gulliksen på Litteraturtoget.

Kvifor ikkje?

– Fordi det kjem i vegen. Som forfattar må du vere i fred, du må vere mykje aleine. For min del skriv eg helst om morgonen, før eg har snakka med nokon andre enn ungane mine og kjærasten min. Om eg går ut og omgår andre folk er dagen borte skrivemessig.

– Eg trur mange byrjar å skrive på grunn av ei slags utanforskapskjensle, men den blir ikkje borte, den blir berre verre med tida, seier Gulliksen.

Korleis har utanforskap prega ditt forfattarskap?

– Heile poenget med å skrive, i alle fall for meg, var at eg ikkje kjente igjen mi eiga oppleving av verda, i verda rundt meg. Og det gjer eg framleis ikkje.

– Det å skrive handlar først og fremst om å prøve å gjere eigne erfaringar synlege i den offentlege historia. Og det handlar definitivt om utanforskap. Det som ikkje synast, det vi ikkje snakkar om, det som ikkje finst. men som likevel finst, seier Gulliksen.

Flytta til landet for å skrive

Agnes Ravatn og Kronprinsesse Mette-Marit

Kronprinsesse Mette-Marit og Agnes Ravatn i samtale på Voss Kulturhus. Framfor eit ungt publikum kom dei inn på tema som mensen, «Skam» og Facebook.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Forfattar Agnes Ravatn går på Litteraturtoget i Bergen for å bli med til Voss og snakke med kronprinsessa på Voss kulturhus. I fjor sommar flytta ho og familien frå hovudstaden til den vesle bygda Valevåg i Sveio kommune.

Ravatn engasjerer seg i kampen mot digital prokrastinering og har skreve boka «Operasjon Sjølvdisiplin» for å hjelpe det moderne mennesket med å ikkje sløse vekk livet sitt på internett.

– Som forfattar treng eg moglegheita til å sitje i ro og tenkje, og kome inn i ein tilstand av djup konsentrasjon, utan avbrot.

– Går det betre no som du har flytta tilbake til Vestlandet, undrar kronprinsessa i samtalen på Voss.

– Verre, svarar Ravatn. Det som har skjedd er at eg har blitt veldig opptatt av sauer, så eg sit og googlar ulike sauerasar. Eg har også blitt opptatt av alt dei sel på Felleskjøpet, kommunesamanslåing, og eg skriv lesarbrev mot nedlegging av barnehagen. Så eg har slutta heilt som forfattar eg no. No er eg bonde og partilaus lokalpolitikar, spøker Ravatn til latter frå publikum.

– Sjokkert av å gå i korridorane på sjukeheimane

Kim Friele kjempar framleis for dei som står utanfor i samfunnet, men no som kjærasten, Wenche Lowzow, har flytta inn i omsorgsbolig, har Kim blitt brennande engasjert i eldreomsorga.

Kim Friele og Wenche Lowzow

Kim Friele og Wenche Lowzow inngikk partnarskap i Oslo Rådhus for snart 23 år sidan.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Eg blir heilt sjokkert av å gå i korridorane på sjukeheimane. Der sit desse gamle menneska og søv eller berre glaner i veggen. Det einaste dei ventar på er denne fæle kommunale middagen. Det må ikkje berre vere eit parkeringshus. Det må vere noko som gjer at dei kjem seg opp av stolen og inn i fellesskapet.

Men Friele er også snar med å seie at så langt det er råd har også eldre sjølv eit ansvar å ta tak i liva sine.

– Det er noko midt imellom ingenting og alt. Naboen min er 94 år, og ho går av stad med skyvestolen sin. Har du rimelig bra helse, så må du gå ut og snakke med folk. Du kan ikkje berre sitte der. Det kan vere eit tiltak, men då må du seie til deg sjølv. No har eg vore på kaffi to stadar, no må eg også invitere på kaffi.