Nicolai Houm
Foto: Thomas Espevik / NRK

I terapi mot skrivesperre

Nicolai Houm har kjempa mot skrivesperre gjennom heile forfattarkarrieren og gått så langt som å la seg hypnotisere for å løyse problemet. Men er skrivesperre berre eit problem?

Sjå for deg at ein snikkar plutseleg får hammarsperre, at ein sjåfør får køyresperre, ein alpinist får skisperre eller at ein forfattar plutseleg får skrivesperre. Det ville ha vore katastrofe i kvart tilfelle, men hei, vent no litt… Mange forfattarar får jo skrivesperre – heile tida.

Nicolai Houm sit på heimekontoret framfor datamaskina. Han skriv på sin andre roman «De håpefulle», men sit foreløpig bom fast. Det er umogleg for han å skrive, og dei små setningane som skulle kome diltande over skjermen med halen mellom beina, stryk han med det same. Han hatar skrivebordet, hatar stolen, hatar dei kaldsveitte fingrane som knapt tør å røre pc-en. Kvifor klarar han ikkje å skrive? Kva er det som sperrer?

– Det høyres ut som ein sjukdom. Sjølve omgrepet er eigna til å lamme, som eit virus eller ein bakterie ein blir ramma av, seier psykolog Kirsti MacDonald Jareg.

– Skrivesperre kan definerast som at ein har lyst til å skrive, men ikkje får det til. Det er altså ikkje slik at ein unngår å skrive fordi det er keisamt, tvert om, pennen brenn i handa, tastane masar under fingrane, men det kjem ingen ting ut. For dei som lev av å skrive, er skrivesperre forbunden med rein og skjær angst, forklarar ho.

Nicolai Houm

Under arbeidet med romanen «De håpefulle» sat Nicolai Houm lenge framfor skjermen, utan å kome nokon veg. Til slutt valde han å oppsøke hypnotisør for å bli kvitt skrivesperra.

Foto: Thomas Espevik / NRK

Etter ein lang periode med fullstendig skrivetørke, kjenner Nicolai Houm at han må ta affære. Slik kan det ikkje halde fram. Eit eller anna må han gjere. Det er då han plutseleg kjem over ei annonse i avisa om hypnoterapi for betre sjølvtillit.

Kvifor ikkje? tenkjer Nicolai, og sender ein e-post:

Hei
Eg har eit litt uvanleg sjølvtillitsproblem og tenkte å høyre om hypnoterapi kan vere til hjelp. Eg er forfattar og slit med lite sjølvtillit når det gjelder skrivinga. Eg mistenkjer at det har blitt ein negativ spiral der eg stadig stadfestar for meg sjølv at det er vanskeleg å vere forfattar og vanskeleg å skrive. Kva trur du om hypnoterapi i dette tilfellet, kor mykje vil det kome til å koste og når kan eg eventuelt kome i gang?

Nicolai Houm

På besøk hos hypnotisøren

Hypnotisøren møter Nicolai i døra. Han har kaffipust, store auge og stemme som Snåsamannen. Dei sit seg ned inne på kontoret, som ligg i etasjen over ei motorsykkelforretning, hypnotisøren på ein kjøkkenstol, Nicolai i ein Stressless.

Den lune mannen begynner å prikke Nicolai på sida av panna og seier ting som at han er dobbelt så tung som han var i stad. Han ber Nicolai om å telje ned frå eit tresifra tal og plutseleg er han i transe.

– Symptoma på den kjensla du beskriver. Altså vegringa, uroa, lysta til å reise deg og løpe. Eg vil at du skal tenkje tilbake til første gongen du kjente denne kjensla, seier hypnotisøren.

Nicolai begynner å gråte. Han blir tatt med tilbake til barndomen. Til då han var sju år, budde i USA, var einsam, og alt han ville var å vere ein av gutane.

– Kven er desse gutane i dag? spør hypnotisøren.

– Dei er unge, mannlege litteratar og forfattarar, svarar han.

Det kjem fram at Nicolai er svært sjølvkritisk, og det at han stadig samanliknar seg med andre gjer at han får høge skuldrer og slit med å skrive fritt. Før hypnotisøren vekker han, gjentar han gang på gang, lavt og messande:

– Du skal merke at sjølvkritikken skal bli svakare og svakare, for kvar dag som går.

Seier ja takk til skrivesperre

Bjarte Breiteig

Bjarte Breteig er ute med essaysamlinga «Den andre viljen» der han tar eit oppgjer med eiga skrivesperre.

Foto: Ingeborg Lindseth

Forfattar Bjarte Breiteig har også opplevd skrivesperre, og det til gagns. Den siste romanen hans «Mine fem år som far» brukte han åtte år på å skrive. Men i motsetning til Nicolai, prøvar han ikkje å nedkjempe skrivesperra, tvert om, Bjarte ønskjer den velkomen.

No er han ute med essaysamlinga «Den andre viljen» der han tar eit oppgjer med skrivesperra si.

– Eg vil heller vere ein som produserer lite og godt, enn å produsere mykje for ein kvar pris. Tanken på å sitje i framtida med ei bok eg veit kunne ha vore betre, skremmer meg.

– Men nokon treng å gi ut det som er litt halvgodt, for å kome seg vidare til dei verkeleg gode prosjekta. Ta til dømes Jon Fosse. Det er slett ikkje alt han produserer som er like godt, men for han har nok den store produktiviteten vore naudsynt for å få fram meisterverka.

Facebook som både venn og fiende

Agnes Ravatn trudde lenge ho hadde skrivesperre, men fann til slutt ut at ho eigentleg berre hadde dårleg impulskontroll.

Agnes Ravatn

Agnes Ravatn trudde lenge ho hadde skrivesperre, men fann til slutt ut at ho eigentleg berre hadde dårleg impulskontroll.

Foto: Agnete Brun

– Eg hadde for vane at eg sjekka Facebook og e-post medan eg venta på inspirasjon. Men så oppdaga eg at om eg berre orka å sitje stille i ti minutt, så kom det som regel eit eller anna.

Eg trur mange unnskylder dårleg arbeidsmoral med å kalle det skrivesperre, påpeikar Ravatn.

For Pål Norheim derimot, blei Facebook sjølve løysinga. Han hadde forlest seg på Proust og Mallarmé og utvikla ein nesten ekstremt språkleg sensitivitet som gjorde det vanskeleg å skrive sjølv veldig enkle setningar.

Då han oppdaga det sosiale mediumet, i ein alder av femti år, opplevde han at alt løyste seg.

– Spontaniteten i dei lite pretensiøse oppdateringane, den lave fallhøgda og det at Facebook strengt tatt er eit søppelmedium kor ein kan dumpe all slags rusk og rask, har vore svært frigjerande.

Sånn sett er eg eit veldig paradoksalt eksempel, då eg har klart å bruke min eigen prokrastinering til noko produktivt, poengterer Norheim.

Pål Norheim

Pål Norheim hadde forlest seg på Proust og Mallarmé og måtte ty til Facebook for å kome seg ut av skrivesperra.

Foto: Pål Norheim

I 2014 kom Norheim ut med boka «Oppdateringer», som var ei samling av ulike tekstar han tidlegare hadde publisert på Facebook. Boka vart nominert til den anerkjende Brageprisen.

670 sider med rein skriveglede

Tilbake på hypnosekontoret har Nicolai vakna av transen, og ifølgje forfattaren kjenner han allereie på vegen heim at skrivegleda kjem boblande opp gjennom magen.

– Det var verkeleg ein quick fix. Eg gjekk rett og slett rett heim og kunne skrive. Det rare var at hypnosen verka som ein medisin som sparka inn med ein gong, og berre verka betre og betre for kvar dag som gjekk. Eg blei kurert.

To og eit halvt år seinare var romanen «De håpefulle» ferdig. Ifølgje Nicolai var det 670 sider med rein skriveglede. Ikkje berre det, men boka nådde eit større publikum enn alt han før hadde skreve til saman.

Ikkje som i TV-programma

Psykolog Anders Skuterud i Norsk psykologforening seier at hypnose kan ha god effekt for avgrensande utfordringar, som til dømes røykeslutt og andre angstpregande tilstandar.

Anders Skuterud

Psykolog Anders Skuterud forklarar at hypnoseshow på TV gir eit feilaktig bilete av hypnoterapi.

Foto: Helge Carlsen / NRK

– Ein av dei forundrande tinga med hypnose er at samtidig som du opplever avslapping, kan du også oppleve å få veldig god konsentrasjon. Dermed kan det bli lettare å rydde unna andre ting som kjem og forstyrrar.

Han seier at det vi ser om hypnose i dramatiske TV-program er mykje mindre reelt enn det ein kan få inntrykk av.

– Hypnose er forbunden med noko veldig skummelt og skremmande, der ein trur at hypnotisøren fullstendig tar kontrollen over eit anna menneske. Men sanninga er at ein ikkje kan gjere ting med hypnose som klienten ikkje står inne for i utgangspunktet, seier Anders Skuterud.

Skrivepsykologen

Psykolog Kirsti MacDonad Jareg har hatt fleire forfattarar med skrivesperre innom kontoret. Etter at ein av klientane hennar sleit med akkurat dette, har fleire og fleire kome til ho for hjelp. No har ho nærmast skrivesperre som ein spesialitet.

– Det kan vere fleire ulike faktorar som utløyser skrivesperre. Ein av gjengangarane er at forfattaren har eit kritisk blikk mot seg sjølv frå eit innbilt publikum utanfrå. Det kan vere ganske lammande og stanse flyten.

Ein annan faktor kan vere at forfattaren legg veldig mykje av identiteten sin i det å vere forfattar og at ein tenkjer at om ein ikkje skriv, så er ein ingen. Dette kan bli eit veldig stort press som hemmar skrivinga.

Tilbake der han starta

April 2016: Nicolai Houm har nettopp levert eit nytt bokmanus til forlaget. No er han i gong med nye prosjekt og skrivesperra som hypnotisøren ein gong jaga vekk, har sakte, men sikkert smoge seg tilbake i undermedvitet hans.

– Idet eg skulle begynne på eit nytt prosjekt med blanke ark, var eg plutseleg tilbake der eg starta. Eg får ei slags utlading etter ei bokutgjeving. Då begynner den sterke negative krafta å vakse i meg. No har eg igjen kome dit at eg eigentleg treng litt hjelp.

NRK tok Nicolai på ordet og inviterte han like godt med til psykolog Kirsti MacDonald Jareg sitt kontor på Vinderen i Oslo. Kanskje ein samtale med henne kan verke like godt som hypnoterapi?

Nicolai Houm og Kirsti McDonald Jareg

Nicolai Houm i samtale om skrivesperre med psykolog Kirsti MacDonald Jareg. Nicolai får hjelp til å finne ut kva som får han til å skrive i flyt, og får auga opp for at han faktisk også har eit liv utanom å vere forfattar.

Foto: Thomas Espevik / NRK

På besøk hos psykologen

Også hos psykologen blir Nicolai tatt med tilbake til barndomen. Denne gongen er det lærarane som er problemet. Dei som har hindra han i å skrive fritt og fekk han til å fylgje bestemte formlar.

Psykolog Jareg hjelper han med å finne ut kva som får han til å skrive i flyt, og forklarar Nicolai at han faktisk også har eit liv utanom å vere forfattar.

I samtalen blir Nicolai minna på ein draum han ein gong hadde, der han og Dag Solstad bygger kvar sin låve, rett ved sida av kvarandre. Låven til Nicolai er rett og fint bygd, heilt etter handboka, medan låven til Solstad er vindskeiv og kjip. Så kjem det nokre menneske som er ei blanding av bokmeldarar og bygginspektørar. Alle står dei og beundrar låven til Solstad medan Nicolai sitt meisterverk er utan interesse.

Nicolai Houm snakkar med psykolog Kirsti MacDonald Jareg om skrivesperre.

NRK inviterte Nicolai Houm med til psykolog Kirsti MacDonald Jareg. Sjå eit lite utdrag frå samtalen her.

Etter psykologtimen er Nicolai både glad og nøgd. Han kjenner at skrivegleda allereie er på veg tilbake, og forfattaren er ikkje sein med å konkludere:

– Både hypnoseseansen og psykologtimen i dag har fått meg til å tenkje at det er rart at dei aller fleste berre går rundt kvar for seg og grublar, utan å få nokon slags form for hjelp. Dette gjelder ikkje berre forfattarar, for det må jo vere utruleg mange rare tankar folk har, som verken er rasjonelle eller fornuftige.

For Nicolai var det godt å sleppe å kjenne seg som ein kokett kunstnar i morgonkåpe og raudvinsglas i handa som klagar over at det er så vanskeleg å skrive.

– Det er fint å kome til ein stad som tar problemet alvorleg og innsjå at eg har ganske djupe tankemønster som ikkje er heldig for skrivinga, seier Nicolai.

  • Høyr Kulturhuset si sending om skrivesperre: